Petty

The Biography

av (forfatter).

Henry Holt and Co. 2015 Hardcover

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

2 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Se på denne utgaven hos amazon.co.uk Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Henry Holt and Co.

Utgivelsesår 2015

Format Hardcover

ISBN13 9780805099683

Språk Engelsk

Sider 336

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Dette er historia om musikaren, artisten, bandleiaren og familiemannen Tom Petty, frå eit par generasjonar før han vart fødd og fram til 2015. Forfattaren har hatt mykje førstehandskjelder å jobbe med; han har bl.a. tidlegare vore intervjuansvarlig på dokumentarfilmen Runnin' Down a Dream av Peter Bogdanovich, utkomen i 2007, og eg kan tenkje meg at mykje at det innsamla stoffet derifrå har danna ein viss basis for denne biografien.

Kapitla som tek for seg barndom, oppvekst og ungdomsår i Florida er sterke, men litt einsidige. Dei beskriv eit svært konfliktfylt forhold mellom Petty og faren, der forfattaren ikkje bruker særleg mykje tid på å setje seg inn i faren sin situasjon eller på å prøve å sjå ting frå faren sitt perspektiv. Utover i boka blir dette inntrykket berre forsterka, og familien på farssida (spesielt faren og tanta) blir stilt i eit generelt lite flatterande lys. Det kan godt vera at desse to faktisk er drittsekker, men eg kunne uansett godt tenkt meg å funne ut av det sjølv heller enn å bli fortalt det.

Etterkvart som karriæren til Tom Petty tek seg opp, blir bildet av han meir nyansert og gjennom kapitla som omhandler 70- og 80-talet blir lesaren servert ei mengde interessante anekdoter og mange eksempel på korleis den solide, men samtidig skjøre og tidvis eksplosive eininga eit rockeband utgjer fungerer. At demokrati ikkje høver i ein slik situasjon er veldig tydeleg. Me får og eit nærare innsyn i det minst like skjøre familielivet til Petty, kona hans og dei to døtrene deira. Eg kunne godt tenkt meg at døtrene kom meir til orde og at me fekk sett meir frå deira ståstad, men det får me ikkje før seinare.

Frå begynnelsen på 2000-talet og fram til i dag, får me egentlig fint lite informasjon. Det aller meste blir kun omtala med nokre få setningar eller avsnitt i beste fall, og dette syns eg er eit stort minus med denne biografien. I tillegg er ikkje tida med The Traveling Wilburys via på langt nær så mykje plass som ein kanskje kunne ynskje.

Språkbruken til forfattaren varierer gjennom boka. I byrjinga er det prega av mange svulstige og pretensiøse formuleringar, men dette bedrar seg ein del utover. Eg syns rett nok at forfattaren kunne brukt mindre plass på sine tolkningar av hendingar og situasjonar, og heller lete intervjuobjekta fortelje meir med si eiga stemme.

Til slutt er eg nødd til å sei noko om trykken. Kombinasjonen av font og farge (grå, ikkje svart!) på litt mørkt papir gjer at bokstavane blir utflytande og uklare. Eg trudde først at tida omsider var komen då eg måtte bite i graset og gå til optikaren, men etter litt dobbeltsjekking vart synet mitt friskmeldt att!

Eg lander på karakteren fire. Biografien er langt frå perfekt, men store deler av den er interessant og opplysande. Eit lite minus for ein ikkje alt for spenstig bruk av bilder.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

2 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket