Tusen vårar II

himmelstigen

roman

av (forfatter).

Gyldendal 2002 Innbundet

3 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Øystein Ls eksemplar av Tusen vårar II - himmelstigen

Lesetilstand

Leser denne nå

Hylle

Lånte

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Sunnhordland er det geografiske sentrum for romanhandlinga, tida er det dramatiske 1300-talet. Sentralt i forteljinga står bondesonen Arne Vidarson, som dregst mot tre ulike kvinner, tjenestejenta Håbjørg, den vene Alvsol og den mektige enkja med stor gardeiga, fru Gyrid. Arne søkjer makt og velde, men han har og ein draum om det høgheilage. I romanen møter lesaren vanlege folks liv og lagnad, klosterliv med både gode og ringe sider, striden mellom kyrkjemakt og statsmakt, og fygjene av Svartedauden. Dette er det andre, frittståande bandet i den historiske romanserien Tusen vårar, som vart innleidd med Sigrid Jonsdotter (2001).

Omtale fra forlaget

Dramatisk og mangfelt forteljing frå Noreg på 1300-talet. Himmelstigen er det andre, frittståande bandet i den historiske romanserien Tusen vårar, som vart innleidd med Sigrid Jonsdotter i 2001. Sunnhordland er geografisk sentrum for romanhandlinga, tida er det dramatiske 1300-talet. Sentralt i forteljinga står bondesonen Arne Vidarson, som dregst mot tre ulike kvinner: tenestejenta Håbjørg, den vene Alvsol og den mektige enkja med stor gardeiga, fru Gyrid. Arne søkjer makt og velde, men han har òg ein draum om det høgheilage. I romanen teiknar Johannes Heggland eit rikt og levande bilete av tida. Her møter me vanlege folks liv og lagnad, klosterliv med både gode og ringe sider, striden mellom kyrkjemakt og statsmakt, og fylgjene av Svartedauden.

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2002

Format Innbundet

ISBN13 9788205306684

EAN 9788205306684

Serie Tusen vårar (2)

Genre Historisk litteratur

Omtalt tid Vikingtiden

Omtalt sted Hordaland

Språk Nynorsk

Sider 313

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Kanskje det er med oss som med sola og månen: me skin på kvarandre, men kjem ikkje kvarandre nær?
Han visste ikkje om ho hadde rett, visste so lite om ei mektig hand og kva som skjedde der oppi himlane. Han berre sette seg slik ho bad om, sat sammen med henne på det kvite skinnet og kom henne ikkje nær på noko vis.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mennesket er dømt til å leva i si eiga tid, der fødsel og død er som skilde av grindestolpane i eit led. Imellom ligg lagnaden, den som kan gje ein opplevinga av tusen vårar - og kanskje frostnetter. Slik kan mennesket møta verda, og alle har si eiga vandring etter ukjende stigar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei reddast for usedde makter under og over jord, bad sine bøner, lærde kvede og tonar. Dei tilbad jorda og ottast dauden, og kjende trong til ein frelsar. ...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Orda hennar hadde vekt noko i han, noko han ikkje visste hadde vore der: Ei gleda over å eiga makt og samstundes tena folket!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Men det var noko underleg med dette å vita at ein skulle verta far, at eit liv kom til soleis av mest ingen ting, av ei nattestund berre.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tida går i ring. Du kallar ho notid, du menneske, tida di her på jord.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Fekk du snakka med henne? Men han nemnde ikkje Alvsol på namn.
Arne stod og stirde nordetter mot sitt eige land der nord i det blå.
Ho er komen bortanfor alt som heiter ord, Olafr.
Sonen såg på han, spurde ikkje meir.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket