Forteljingar om drap

kriminalhistorier frå seinmellomalderen

av (forfatter).

Fagbokforlaget og Landslaget for norskundervisning 2003 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (1 terningkast.)

6 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Hilde H Helseths eksemplar av Forteljingar om drap - kriminalhistorier frå seinmellomalderen

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

True Crime

Lesedato

2013

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Gjennom grundige analysar av drapsbrev frå seinmellomalderen (1300-1550) kjem forfattaren mellomaldermennesket tett inn på livet. Han meiner tida for å oppfatte seinmellomalderen som eit litterært tomrom er over. Det fanst ei sterk og livskraftig munnleg dikting - eventyr, sagn, balladar, ordtak. Uttrykk frå denne diktinga finn vi att i dei gamle drapsbreva. I drapsbrevet møtes skrifttradisjon og munnelg dikting. Med litteraturliste og personregister.

Omtale fra forlaget

- Prestar som slår i hel. - Bønder som drep kvarandre i fylla. - Grådige munkar som utnyttar fattigfolk økonomisk. - Bryllaupsgjester som skjeller kvarandre ut og trekkjer kniven.
Det minner om sensasjonsprega avisoverskrifter, men oppslaga refererer til hendingar som ligg langt bak oss i tid. Hendingane kjem likevel tett på oss i Olav Solbergs nye bok om drapssaker, Forteljingar om drap. Boka byggjer på drapsbrev frå seinmellomalderen (1300-1550).
Den gong som nå vart drapssaker etterforska, og drapsbrev er utgreiingar om kva som gjekk føre seg ved drapet. Solberg har lese desse breva, og gjennom grundige og spennande analysar kjem han mellomaldermennesket tett inn på livet. Her er blod, sveitte og tårer, skrik og skrål, rop om hemn og bøn til Gud!
Solberg meiner at vi ikkje bør oppfatte seinmellomalderen som eit litterært tomrom, slik det har vore gjort. Det fanst ei sterk og livskraftig munnleg dikting - eventyr, segner, balladar, ordtak. Solberg viser at språkuttrykk - formlar - frå denne diktinga er til stades i dei gamle drapsbreva. Den gode drapsbrevskrivaren gjorde bruk av desse formlane - han skreiv med den munnlege diktinga klingande i øyra. I drapsbrevet møtest derfor skrifttradisjon og munnleg dikting.
Olav Solberg skriv engasjert og levande om eit uvanleg spennande emne. Forteljingar om drap er ei gullgruve for alle som har sans for gode kriminalhistorier, som er interesserte i litteratur, kultur, språk og historie.
Olav Solberg (f. 1942) har vore tilsett i NRK - radio, har vore lektor ved Bergen lærarskole, og professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Olav Solberg er i dag professor ved Høgskolen i Telemark. Han har tidlegare publisert Den omsnudde verda. Ein studie i dei norske skjemteballadane (1993), Tekst møter tekst. Kristin Lavransdatter og mellomalderen (1997) og Norsk folkedikting. Litteraturhistoriske linjer og tematiske perspektiv (1999), forutan ei rad arbeid om litterære og kulturelle emne.

Bokdetaljer

Forlag Fagbokforlaget Landslaget for norskundervisning

Utgivelsesår 2003

Format Heftet

ISBN13 9788276749717

EAN 9788276749717

Serie LNUs skriftserie (152)

Omtalt tid Middelalderen

Omtalt sted Norge

Språk Nynorsk

Sider 252

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 0 0 0 0

Bokomtaler

En bok med et bein i flere leire, og det passer meg – som er litt uklar på akkurat hvor jeg er hen som bokelsker for tida – bra.

Egentlig er det en lærebok i norsk. Det jeg finner mest interessant i den forbindelse er slektskapet som vises til andre deler av litteraturen fra denne perioden. Spesielt middelalderballader er i mitt interessefelt, som gammel folkedanser.

Så er det jo et betydelig element av krim og spenning her også. Krimleseren i meg syns det er vel så interessant å lese om ting som virkelig har hendt, som å gå løs på moderne underholdningskrim.

Men det som ga meg personlig størst utbytte ved denne boka, var å få et glimt inn i en tidsperiode man ellers vet lite om (13-1500 tallet), gjennom ting som faktisk er skrevet ned den gangen.

Jeg avslutter med de orda som faktisk avslutter hele boka: ”Dei beste forteljingane er vel verdt å lese for egen del, og alle er dei interessante som kjelder til norsk litteratur og kulturhistorie”

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen ting er vissare for mennesket enn døden, og ingen ting uvissare enn dødsstunda.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Endeleg skal takast fram eit særdrag som spring i augo så fort ein set seg til med rettslege kjelder. Det er den uvanleg sterke tendensen hjå folk i desse bygdene - både i millomalderen og noko lenger fram i tida - til å slå både kvarandre og framande heilt eller halvt ihel. Eit tradisjonelt åtferdsmønster av dette slaget kan kanskje oppfattast både som ei årsak og ein verknad av Telemarks seine innordning i riket.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Den sanninga vi finn i dei historiske segnene er ikkje den same som den vi møter i rettsprotokoller og historiebøker (...) I episk ikledning gjev dei (segnene) oss allmugen sine reaksjonar og refleksjonar, allmugens inntrykk og røynsler, og kanskje ikkje minst allmugen sin dom over og forklaring av det som har hendt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Om det kjem skade på varane dine, og du sidan skal selja dei,så løyn det aldri for han som kjøper Då heiter du ikke svikar. Syn han den skaden som er på varene, og bli sidan samde om handelen dykkar som de kan. Set god pris på varene dine, og likevel nær det du ser du kan ta, men ikke over måt. Då heiter du ikkje prakkar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket