Vi elsker bøker. Akkurat som deg. Velkommen hjem.
Den var ikkje så vanskeleg å lese, etter mi meining, men krev at ein berre følger med i periodar, let seg flyte med teksten og først samlar meining og forståing undervegs. Utruleg vakkert språk og fine skildringar, eit imponerande handverk, rett og slett ein imponerande roman.
Men sjølve innhaldet, tankane som blir formidla, var gammaldags kjønnsfascisme, på kjent vis pakka inn i kjærlege skildringar av individ og mytologisk overbygg.
Forfattaren røper oppsiktsvekkande lite innsikt i eigen tenking, det er som han stoler blindt på si eiga verdsforståing, og dermed ikkje stiller dei avgjerande og enkle spørsmåla til seg sjølv om sitt eige fundament, og dermed bygger heile den fantastiske romanen på eit grunnlag eg ikkje kan akseptere. Ikkje som kvinneleg lesar. Og eg er overraska over at det aldri er blitt drøfta i omtaler eg har lese av denne boka.
Manden påstår den er veldig morsom, då. Så den ligg no på nattbordet, men det dyngar seg litt andre bøker oppå den.
Mine favorittar til no er Guy Gavriel Kay sin trilogi om Fionavar, og den enkeltståande Tigana. Han er passeleg tradisjonell, samstundes som han har truverdige, fine karakterar, myteskillz og interessante plott.
For tida les eg Joe Abercrombie, eg likte veldig godt Best served cold, og er i gang med trilogien om same univers. Her er det skit og banning, humor og gustne gråsonar, ikkje noko som helst svart-kvitt, kan hende litt i overkant morbid humor for folk flest? Men eg ler og ler av den istykkertorturerte torturisten Glokta, som er så jævla sur heile tida.
Er på side 105, og er så langt både med og spent på kva som kjem. Litt irritert over spoilere i intervju, eg sit alltid og ventar på at det som allereie er fortalt til pressa skal bli ferdig, så eg kan komme i gang med det eg ikkje veit.
Eg opplevde den som vakker, pirrande, ubehageleg. Og språket er som flytande glas, heilt umogleg å få tak i, tilsynelatande nesten ikkje der.