Birgitte Solheim, hovudpersonen i Kjersti Anfinnsens roman "De siste kjærtegn", er den kvinnelege utgåva av Kjell Askildsens Thomas F. I alle fall minner ho meg om han, både i alder og i det noko bitre og ironiske synet sitt på livet og menneska rundt henne.

Romanen er bygd opp av ei rekkje små kapittel, mange av dei på under ei side. Her fortel Birgitte Solheim om livet sitt, om kva ho gjer og ikkje gjer, kva ho tenkjer på, og korleis ho forheld seg til folk rundt seg. Sjølv om dei passar som kapittel i romanen, kan fleire av dei også lesast for seg, som små betraktningar over livet og samfunnet.

I motsetnad til Thomas F., som held distansen til andre menneske, og tilsynelatande ikkje ønsker å endre seg (om eg hugsar "Thomas Fs nedtegnelser til allmennheten" rett - det er over 20 år sidan eg las den), ønsker Birgitte Solheim ei endring i livet sitt, innrømmer ho etterkvart.

Anbefaler denne romanen, som gjev både innsikt og håp, og som er kort og lettlesen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Enig i at dette er en god roman, og jeg fikk også assosiasjoner til Thomas F. i begynnelsen av boka. Nå venter bok nr. to på biblioteket - ser fram til fortsettelsen!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaStig TMorten BolstadSynnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F TislevollKuboaaEileen Børresenmge