Då eg las boka til Vigdis Hjorth: Arv og Miljø, las eg ho som ein roman. Så begynte rykta å svirre: var det ikkje ein roman, var det derimot ein biografi, skjult bak romansjangeren?

Kor går grensene for kva ein kan kalle ein roman, kor går grensene for å dele absolutt alt med alle, - utan at ein skal stillast til ansvar for det ein skriv.

I boka til Vigdis Hjorth blir systrene sine mailar referert i detalj, men då det er ein roman tillegg forfattaren romanfigurane sine (systrene) tankar som ho ikkje har noko belegg for å vite noko om: altså ho diktar, slik ein romanforfattar gjer.

Så kjem Helga Hjorth med eit motsvar i boka Fri vilje der ho imøtegår systera sin roman, med ein ny roman. I sum blir det ein offentleg skittentøyvask, - ei familiefeide, i romanens form.

Er dette greitt? Sjølv har eg nok ikkje tenkt alvorleg over tema før nå, - nå skjer det nettopp fordi Helga Hjorth nektar å sitte roleg å sjå på at Vigdis Hjorth blottlegg familien på denne måten. Offentleggjer alt som har skjedd mellom sysken og foreldre, utan at dei involverte har hatt noko dei skulle sagt.

Me har hatt diskusjonen om Knausgård sine bøker Min Kamp, som og høyrer heime i denne "blandingssjangeren", og eg meiner å sjå at det er blitt meir og meir av slike "biografi-romanar". Er det ei styrke eller svakheit? Er det ei teikn på at desse forfattarane har "for lite" å skrive om, og derfor må bruke eige liv meir detaljert enn det er gjort før, eller er dei derimot geniar som i kunstens namn bør vere unntatt vanlege reglar om å ikkje skrive injurierande om andre...

Alle forfattarar bruker litt av seg sjølve og eige liv, - men igjen: kor går grensene mellom romanen og biografien...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Berit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F TislevollKuboaaEileen BørresenmgeHeidiTonesen81Marianne  SkageIngunnJMads Leonard HolvikElinBe