Av ein eller annan merkeleg grunn var det bok nummer to, Alex, som kom ut fyrst her i landet. Eg las Alex i fjor og difor kjende eg til ein av dei viktigaste poenga/plotta i denne boka - og det førte til at leseopplevinga mi ikkje vart fullt så god som den kunne ha vore. Så har du planar om å lesa denne bokserien, start for all del med Irène.

Irène er ein uhyre velskriven, skremmande og original kriminalroman med eit rikt og utspekulert plott og svært fascinerande karakterar. Det er vanskeleg å leggja boka frå seg fordi ho er så full av nerve: Spenninga stig til utrulege høgder i den thrilleraktige avslutninga. Sjølv om eg altså var klar over (noko av) det som skulle komma til å skje, vart det så nervepirrande at eg kjende det godt - i heile meg - og lenge etterpå.

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Elisabeth SveeTheaPiippokattaStig TMorten BolstadSynnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F TislevollKuboaa