Nobody Owens er ein ganske vanleg gut. Han er nysgjerrig, likar å leika med jamnaldrande og synes ikkje alt lærarane har å fortelja er like interessant. Men på den andre sida er han ikkje ein heilt vanleg gut. Nysgjerrigheiten fører han ned i krypter og inn i andre verder, dei jamaldrande vert aldri eldre, og lærarane er ikkje av den typen ein møter på landsbyskulen – dei er varulvar og vampyrar, utplassert for å passa på vesle Bod Owens medan han veks opp på den nedlagte kyrkjegarden etter at resten av familien vart drepne av den mystiske Jack.

Eg har sett skildringar av denne boka som kallar den “den beste Gaiman har skrive til no”. Eg vil ikkje dra det so langt, personleg likte eg vel so godt Neverwhere, men det heng vel litt saman med at Gaiman sjeldan skuffar. Heller ikkje her, i ei barne- eller ungdomsbok som like gjerne kunne vore for vaksne. Bod Owens er kanskje vaksnare enn meg, sjølv som seksåring, men sett reint vekk frå det er karakterane både sjarmerande, skumle og truverdige, og historia har den rette blandinga av realisme og fantastiske hendingar. Gaiman plasserer ofte historiane sine rett i utkanten av det som kunne vore – under London i Neverwhere og bortanfor muren i Stardust - og det gjer han her òg: ein heilt vanleg by i England, på ein heilt vanleg kyrkjegard, utspinn historiar og eventyr me med mindre fantasi ikkje kunne førestilla oss. Slik flaks at me har Gaiman som kan fortelja oss om dei då!

Fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundLailaLeseberta_23Anniken BjørnesTheaNinaJulie StensethPer Åge SerigstadHelena EBenedikteEvaanniken sandvikHarald KKaramasov11PiippokattaKserinaAnitaFindusRufsetufsaKristine LouiseAnne Berit GrønbechTor-Arne JensenReadninggirl30TanteMamieOlaugKaren Ramsvikmay britt FagertveitStig TEli HagelundReidun Anette AugustinVibekeMarianne  SkageEinonieLisbeth Marie UvaagLinnAEKikkan HaugenritaolineHanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtBeathe Solberg