Til Jakob Sande
(frå visens venner)

Du var still den siste kvelden vår, kvar dyrekjøpt minutt
til du braut opp seint på natt og gav oss handa.
Ikkje song du dine viser, ikkje rørde du din lutt.
Tru du visste då du sat der at din landlov alt var slutt
og at skuta låg og venta nedved stranda?

Vi sku' følgt deg om vi visste, vore med og kasta loss
sett deg smile, som så ofte, gjennom tårer.
Vi sku' sunge deg ei vise som ei helsing ifrå oss:
om det underfulle hjarta, om eit anker og ein kross
og om havsens dei miskunnelege bårer.

Men du kjende vel kan hende det var einsemd som du trong
i den stund du høyrde skipsklokka kalle?
Kan du høyre der du sigler, at vi nynnar deg ein song?
Du må helse vesle Daniel, og Lasse, og May Wong
og ditt hav som ligg og ventar på oss alle.

Hartvig Kiran

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Hartvig Kiran var en makeløs stemningsskaper! Her kaller han fram tårer og klump i halsen uten å bruke store og høytidelige ord!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ingvild SHilde H HelsethlittymseBrit HonningsvågNorahAnniken RøilKirsten LundLailaLeseberta_23Anniken BjørnesTheaNinaJulie StensethPer Åge SerigstadHelena EBenedikteEvaanniken sandvikHarald KKaramasov11PiippokattaKserinaAnitaFindusRufsetufsaKristine LouiseAnne Berit GrønbechTor-Arne JensenReadninggirl30TanteMamieOlaugKaren Ramsvikmay britt FagertveitStig TEli HagelundReidun Anette AugustinVibekeMarianne  SkageEinonieLisbeth Marie Uvaag