Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Sjette boka av Seljestad. No går han etter mi meining på tomgang. Han har skrive om oppveksten og om foreldra, broren, fabrikken, Bremen og alt det andre han brukar 500 sider på i Eitranes. Fyrste 30 sidene handlar om at han, kona og dei to borna tek båt og køyrer inn til Bremen, så 10 sider om at dei tok feil av etasjane der dei skulle bu, så avsnitt om universitetet i Bremen, avbrote av tilbakeblikk til oppveksten i Eitranes (Odda), og slik held det fram. Dei to beste bøkene av Seljestad er Isberg og Snøen stryk ut alle spor, der han ikkje grev seg ned og forvillar seg inn i eige liv og endringar. Både i Fjorden og Kjære, bror får vi vite om Seljestad sin oppvekst, om familien, fabrikken og generelt korleis det var å vekse opp i Odda, og desse to bøkene likte eg, og dei er begge to svært personlege. Men nok er nok. Det slår meg at Eitranes er meir ei øving for forfattaren sjølv enn det er ei bok å lese for den som alt har vore gjennom 5 av dei føregåande bøkene til Seljestad.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Lisa Chatur VestbyEgil StangelandMargrethe  HaugenPiippokattaNina GLene AndresenRufsetufsaKirsten LundLailaRisRosOgKlagingVannflaskeAmanda ACecilie EllefsenConnieBjørn SturødCaroline Ekornes JohannessenAlice NordliTrineingar hEllen E. MartolTorill RevheimAud- HelenTom-Erik FallaElinBeKjell F TislevollMarit HåverstadFriskusenAnneWangIngunn SIngeborg GKarin BergTanteMamiemgeHeidiAud Merete RambølTore HalsaJulie StensethKjell PHanne Kvernmo RyeINA TORNES