Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka gir den første samla framstillinga av arkitektur i Noreg, frå telt og huskonstruksjonar i steinalderen og heilt fram til det prosjekterte operabygget i Bjørvika. Boka viser korleis den norske byggjeskikken er blitt forma av ressursgrunnlag, skiftande samfunnstilhøve og arkitektoniske stilimpulsar opp igjennom hundreåra. Boka er gjennomillustrert med fargebilete, grunnplanteikningar og isometriske teikningar. Har litteraturliste og stikkordregister.
Omtale fra forlaget
Ny revidert utgåve av standardverket i norsk arkitekturhistorie!
Boka gir ein samla presentasjon av arkitektur i Noreg, frå telt og huskonstruksjonar i steinalderen og heilt fram til det prosjekterte operabygget i Bjørvika. I den nye utgåva er det særleg biletmaterialet og delen om 1900-talet som er utvida.
Boka legg vekt på korleis den norske byggjeskikken er blitt forma av ressursgrunnlag, skiftande samfunnstilhøve og arkitektoniske stilimpulsar opp igjennom hundreåra. Slik sett er dette ikkje berre ei historie om arkitektane og deira verk, men korleis samfunnsutviklinga generelt har bidratt til å forme byggjesetnaden i landet vårt.
Norsk arkitekturhistorie vender seg til studentar innan kunsthistorie og arkitektutdanningane, men vil også vere interessant for andre fagområde.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2008
Format Innbundet
ISBN13 9788252172362
EAN 9788252172362
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 479
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket21 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket