Krigens fargar

levande historier frå hemnaksjonen på Telavåg

av (forfatter).

Vivian Midttveit 2024 Innbundet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Telavåg, eit lite fiskevær fire mil vest for Bergen, var ein ynda stad for den illegale englandsfarten under andre verdskrig. I 1942 fekk tyskarane nyss i kva som gjekk føre seg der ute, og under ei ransaking i eit hus der to norske agentar oppheldt seg, vart to tyske offiserar drepne i ei skotveksling. Som hemn skulle bygda utslettast, alt vart jamna med jorda. Heile folket vart kollektivt tatt til fange og straffa, alle familiar skilde. Mange av menneska mista livet, absolutt alle mista det livet dei kjende. Det telavågfolket vart utsett for, vert definert som noko so sjeldan som statsterrorisme. Like fullt er ikkje historia svært kjent.
Vivian Midttveit er sjølv frå Telavåg. Ho undra seg over kvifor ho ikkje hadde vore meir engasjert i sin heimstad si unike historie då ho vaks opp. Ho kom fram til at dei nære, personlege historiene hadde vore sjeldne. I denne boka har ho samla enkelthistorier, dei små private augneblinka, og skrive dei ut som levande scenar. Alle historiene er basert på sanne opplevingar, men meir enn eit historisk prosjekt er dette altså eit kunstnarisk prosjekt, bygd på historiske hendingar.
Sjølv om historia til Telavåg i seg sjølv er unik, er ikkje bodskapa i historiene det. Dei er allmenne. Dei treffer noko allment menneskeleg og strekker seg difor langt utover dei som har interesse for krigen generelt eller krigshendingane i Telavåg spesielt.

«Dette er rørende, hjerteskjærende, sterke, håpefulle og tankevekkende historier og dikt. Det er rett og slett engasjerende lesning, spesielt med det bakteppet vi har nå av ny krig i Europa og i Gaza.»
Jan Roger Stensland, redaktør

Bokdetaljer

Forlag Vivian Midttveit

Utgivelsesår 2024

Format Innbundet

ISBN13 9788269124323

EAN 9788269124323

Genre Personlige beretninger

Omtalt tid 1939-1945

Omtalt sted Øygarden

Språk Nynorsk

Sider 219

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket