Eg har lese om att boka Keiseren av Portugalia. Sist eg las ho, var i samband med særemnet mitt om Selma Lagerlöf på vidaregåande. Det er ti år sidan. Boka var flott då og ho var flott nå. Men eg ser at det er andre ting som gjer inntrykk på meg som lesar nå, enn den gongen.

Boka handlar om husmannen Jan på Skrolycka og forhaldet hans til dottera, Klara Fina Gulleborg, som er oppkalla etter sola. Dottera blir som ei sol i det triste livet til Jan, og gjennom oppveksta hennar blir han meir og meir overtydd om at dottera hans er noko heilt spesielt. På grunn av at familien får økonomiske problem, må Klara Gulla reise heimefrå for å tene penger. Ho sender foreldra dei pengane dei treng, for å betale gjelda, og så høyrer dei ikkje frå henne på 15 år. Dette øydelegg gamle Jan. Han blir sjuk av lengsle etter veslejenta, og når rykta begynner å fare i bygda om at Klara Gulla sitt levesett i byen ikkje er som foreldra skulle ønske, blir Jan gal. Han får det føre seg at Klara Gulla er keisarinne av Portugalia, og sjølv går han rundt og omtaler seg som keisaren, faren til keisarinna. Han blir sett på som ein skrulling av sambygdningane, der han går og syng songar med keisarstaven og kasketten som han har fått.

Då eg las boka for ti år sidan, var det forteljingane om Klara Gulla si oppvekst og om den store sorgen til faren som gjorde størst inntrykk. Denne gongen er eg meir fascinert over forteljarstemma i boka. For forteljarstemma har ei slik blanding av empati og distanse til hovudpersonen Jan, at det er som om lesaren får ta del i to sider av forteljinga heile tida. Eg får sjå Jan frå både innsida og utsida på same tid. Og denne karakterframskrivinga blir gjort på ein elegant måte, utan overflødige forfattarkommentarar. I første delen, om barneåra til Klara Gulla får eg sjå både den store kjærleiken og korleis denne grensar til det usunne, gjennom måten kjærleiken blir beskrive. Og når keisaren går omkring i bygda, ser eg både denne opphøgde sida som er knytta til Jan si sjølvforståing og samtidig den latterlege figuren som sambygdingane ser.

Denne tragiske og samtidig vakre historia blir heilt spesiell, gjennom måten ho blir fortald på. Selma Lagerlöf er ein dyktig forteljar!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Sist sett

Tove Obrestad WøienStig THarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H HoelIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAva