Det har vore ei sterk bok som eg har brukt lang tid på.

Boka fortel historia om Claireece Precious Jones, ei 18 år gammal jente som er gravid for andre gong. Første dottera, den utviklingshemma jenta Lill' Mongo, fødte ho då ho var 12. Begge graviditetane er eit resultat av faren sine overgrep. Precious bur saman med mora, som reagerer på faren sine overgrep med sjalusi og sinne mot dottera. Boka startar med at Precious blir kasta ut få den offentlege skulen, fordi ho er gravid. Ho får hjelp til å komme i kontakt med Miss Rain, ein lærar som underviser ei lita gruppe analfabete elevar i Harlem. Miss Rain har tru på Precious, noko som fører til at Precious etterkvart viser store framsteg. Samtidig med at sonen Abdul blir født, lærer ho å lese og skrive. Etterkvart kjem ho seg vekk frå heimen og begynner å drøyme om eit betre liv for seg sjølv og borna sine.

Boka er sterk. Og samanlikna med andre bøker som fortel liknande historier, er ho overraskande klisjefri. Forteljinga Precious fortel, har eit stream-of-counciousness-preg, og verkar som ein lang monolog, med stadige sprang mellom fortid og nåtid. Den oppbrotne kronologien og mangelen på struktur, er med på å gi eit inntrykk av ei ekte forteljing, frå ein person til ein anna. Også språket i boka er med på å byggje opp om fortejinga si autentisitet, og gjere ho truverdi og ekte. Språket gjenspeglar Precious si gradvise utvikling frå analfabet til lesedyktig. Dei tidlege avsnitta er krevande å lese. Mange av orda er skrivne lydrett, noko som gjer at eg må lese "høgt" for å få tak i teksten.

Etterkvart som Precious lærer å skrive, begynner ho å skrive dikt. Tekstane minner om rap-tekstar, med sitt enkle innhald og klare rytmar. Desse dikta, som er innfelde i romanen, er fulle av håp. For sjølv om historia om Precious er ei grusom historie, som tidvis er vond å lese, er ho full av håp om ei betre framtid for denne jenta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

HanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHarald KHeidiMads Leonard HolvikElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupsiljehusmorHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiACathrine BoreMorten JensenLeseaaseStine SevilhaugInge KnoffGro-Anita RoenKirsten Lundtommy meyerSynnøve H HoelTonje Sivertsen