Morten A. Strøksnes si bok om Tjostolv Moland og Joshua French handlar eigentleg om noko anna. Boka handlar om Kongo. Om Strøksnes si oppleving av Kongo. Og forfattaren har gått lengre enn dei fleste journalistar. "Et mord i Kongo" er ei velskriven og spanande beretning om hans eiga risikable ferd gjennom eit av verdas verste land, der det til slutt tok til å brenna under føtene på han. Me er med forfattaren inn i jungelen, me møtar korrupte politifolk og militære, me vert med til eit av verdas verste fengsler for å prata med Moland og French - kort sagt, ei fantastisk spanande bok. Men ikkje av den lettleste typen, og heller inga bok om kva som eigentleg skjedde med den drepne sjåføren. Etter å ha lese boka skjønar du kor lite me eigentleg fattar av Afrika, og det ulukkelege Kongo spesielt. Og ikkje minst, kor jæklig livet kan vera for svært mange.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Grete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild Sritaoline