Litt vanskelig å følge kronologien. Siste delen av boka best.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Denne oppveksthistoria likte eg svært godt! Kanskje det kjem av at eg kjente igjen så mykje frå min eigen barndom, til tross for at forfattaren er litt eldre enn eg er. I rammeforteljinga møter vi hovudpersonen Live og systera når dei skal selje barndomsheimen. Medan dei pakkar, blir dei minna på mykje av det som hendte då dei var yngre. Tilbakeblikka er godt skildra og eg kom lett inn i både handling og tematikk. For meg var ikkje hoppa i tid noko problem.

Hovudpersonen vaks opp ute på bygda saman med 3 systrer, mor og far. Live er ei typisk og ganske opprørsk jente. Ho er oppteken av mote, gutar, skulen, musikk og litteratur, er sjalu, redd for å gå glipp av noko og kan ikkje vente på at vaksenlivet skal ta til. Det ho fryktar mest er å skilje seg ut, ho er oppteken av å vere godt likt og vil aller helst oppleve det venninnene gjer, samtidig som dei gjer det. Det er mykje stress rundt dette med gutar og det å ha ein kjærast..

Til hausten blir eg 15 år, og eg er framleis ukyst. Eg har ikkje innrømt det overfor dagboka, men ho skjønner det nok likevel. Det eg teier om, seier vel sitt.

Samtidig som Live lev eit vanleg ungdomsliv, er ikkje alt som det skal. Far hennar slit med nervane, og resten av familien lev i frykt for at han skal ta livet sitt. Dette sett sjølvsagt preg på dei alle, heile tida ligg frykta for at noko vondt kan skje og lurer like under overflata…

For meg var denne boka både nostalgisk og faktisk ganske spennande. Forfattaren har tidlegare blant anna forfatta krimbøker, det er mogeleg det er difor ho greier å skape ein god spenningskurve ut av eit slikt stoff. Kanskje boka passar best for damer frå 30årsalderen og oppover, her er det i alle fall mykje mange kan kjenne seg igjen i. Anbefalast.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Spennende - hørt forfatternavnet, men aldri lest noe av henne. Denne skal jeg kikke nærmere på om jeg kommer over den (og dét er det jo gode muligheter for at jeg gjør, bokutsalg virker som magneter på meg, så...). Takk for nok en fin omtale - liker veldig godt hvordan du gir et riss av bokens innhold uten å røpe hele handlingen. :-D

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

gretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KEllen E. MartolPiippokattaReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine SundalHilde Aa