Dette var en perle av en bok, anbefales på det sterkeste.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jo, Alnæs kan få heiderleg omtale for dette arbeidet med å forsøke å lage fiksjon ut av dramatiske hendingar i verdshistoria: Attentatet mot erkehertig Franz Ferdinand og hertuginne Sophie i Sarajevo 28. juni 1914. Så sant han har dekning for dei faktiske forholda - og det har han vel. Mange stader i boka synest eg ber meir preg av populærvitskapleg framstilling av politiske, historike og sosiale sider ved Austerrike-Ungarn enn av roman om eit ektepar og tre unge menn som vil ta livet av dei for å nå måla sine.

Kanskje ikkje så uaktuelt stoff, altså. Alnæs skildrar ei kampform som er fremmend for arbeidarrørsla, og han skildrar godt - med farge og tyngde. Komposisjonen fører oss fram til det dramatiske høgdepunktet i ei tid der verda frå i går er i ferd med å gå under; vi ser korleis denne dagen utviklar seg for hovudaktørane, og dette blir til tider spennande. Han skildrra menneske med kvar sine særtrekk, og lydboka blir eit kjært følgje til og frå arbeid den tida som Ståle Bjørnhaug bruker på å lese ho. Bjørnhaug kunne gjerne ta ansvaret for alle lydbøkene her i landet, han, unntatt dei som alt har Richard Herrmanns stemme. Ordet gendarme klarer han å uttale rett, som den einaste av dei tre siste opplesarane eg har hørt.

Fyrste verdskrigen, ja: I Frankrike og Storbritannia har eg sett minnesmerke over dei som fall i "La Grande Guerre" og "The Great Guerre". For eit sjokk det lyt ha vore for folk at verdskrigar var nok som skulle teljast, at denne store krigen var nummer éin, og at nummer to var i gang. Slik bør ikkje menneska ha det.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesStig TKirsten LundBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasHanne Kvernmo RyeKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar h