Eg trur ikkje eg skjønar heilt kva du meinar med "skumlest". Vil det seie å lese fort eller å hoppe over nokre linjer, evt, sider i blant?
Sjølv har eg 3 lesemodus:
Pensumlesing, og det går begredeleg sakte, gjerne ikkje meir enn 15 sider i timen.
Vanleg lesing.
Hurtiglesing. Som er ein litt raskare variant av vanleg lesing. Eg har tatt tida og rekna ut at eg leser 80% raskare.
Skilnaden mellom 2 og 3 er berre farten, men eg klarer ikkje å halde på med hurtiglesing så lenge av gangen. På den andre sida går ikkje lesefarten ut over kor mykje eg får med meg av boka, så lenge eg er på det reine med at boka er noko eg lese som kos, og ikkje som pensum.
Pensumlektyre er ikkje kos, og eg er alt for klar over at det må memorerast og dermed oppstår det stress, og eg trenger lengre tid på å få med meg ting. Men dersom det dukkar opp ein digresjon eller ein tekst under eit bilete, merkar eg straks at dei andre lesemodusa slår inn, det er nemleg artig med slike små avbrekk.