“‘Verdas beste roman” er eit omgrep me slett ikkje bør bruka, og me skal ikkje gjera det her heller. Likevel er det mange litteraturkjennarar som seier nett dette om "Moby Dick" - at det for dei er den beste romanen som nokon gong er skrive. Me kan i det minste trygt slå fast at "Moby Dick" er rangert som eit av dei største verka i litteraturhistoria, på line med “Rødt og svart”, Charles Dickens og Dostojevski sine klassiske romanar, eller James Joyce sitt verk "Ulysses" - eller “Lady Chattlerleys elskar” av D.H. Lawrence , for den del. Men som sagt - mange litteraturelskarar dreg fram "Moby Dick" som kanskje den aller beste boka.

Det er ikkje tilfeldig at eg nemner D.H. Lawrence, for det var nettopp han som var ein av dei som henta fram denne veldige sjøromanen etter 60-70 års gløymsle. Forfattaren Herman Melville skreiv i si tid fleire romanar med emne frå sjølivet, som han kjende godt etter mange år til sjøs, m.a. som hvalfangar. Men romanen "Moby Dick" slo aldri an for den tida sine lesarar - den var for eksperimentell og utradisjonell, ja, på mange vis forut for si tid. Kanskje meir i slekt med den moderne "Ulysses" enn med ein 1800-tals roman, enn seia sjøroman. Det er som Melville slapp laus noko då han skreiv boka, noko han ikkje hadde kontroll på og som tok herredømet frå han - i staden kveltra det berre ut som frå eit overflødigheitshorn. D.H. Lawrence såg på boka som ein modernistisk roman og henta mykje inspirasjon frå ho. Teksten er ei blanding av essays (ikkje minst om sjøliv, kvalar og kvalfangst, men óg om t.d. religion), innslag av modernistisk poesi og skodespel, i tillegg til å vera ein tradisjonell roman.

"Moby Dick" vart publisert i 1851 og opnar med den berømte lina: "Kall meg Ismael". Boka er i dag sjølve prototypen på Den Store Amerikanske Romanen, og alle har høyrt om Moby Dick, på eit eller anna vis, sjølv om dei korkje har lese eller kjenner til boka særleg godt. Kanskje du kjenner historia frå filmar elle teikneseriar, eller kanskje du har truffe den gamle sjøulken Moby Duck i eit eller anna Donald-blad.

Boka handlar om kvalfangst. Mellom anna. Ja, boka handlar svært mykje om kvalar og kvalfangst. Ho handlar om galskap og hemn - om den gale kaptein Akab som tek hvalskuta han har fått kommandoen over og legg ut på eit hemntokt for å drepa den kvite hvalen, Moby Dick, som ein gong beit av den eine foten hans. Men boka handlar om meir enn det også - så mykje meir. Det vert sagt at den som har lese Moby Dick aldri blir den same etterpå.

"Moby Dick" er eit litterært meisterverk. Det kan også vera ei krevjande bok - og vanskeleg tilgjengeleg. Samstundes er det boka du må lesa. For eigen del gjorde eg fleire freistnader på å lesa boka, fordelt over ein periode på fleire år. Det var mange grunnar til at eg gav opp - boka var for tung, boka vart kjedeleg, boka var forferdeleg lang. Det tok fleire år før eg endeleg knekte koden. For å lesa “Moby Dick” treng du ganske enkelt god tid. Du må setja ned tempoet og ta den tida som trengst, rett og slett.

Så nok ein gong - kva handlar Moby Dick om... eigentleg? Denne boka over alle bøker - i det minste ei av bøkene over alle bøker - er tolka på så mange slags vis. Som ei jakt på meininga med livet. Som ei forteljing om mennesket sin kamp mot lagnaden. Eller ei historie om dei demoniske kreftene som kan bu i eit menneske. Eller som ei moderne utgåve av Jobs bok, om det vondes problem. Som ei bok med lag på lag fulle av litterære, mytologiske og bibelske tydingar. Moby Dick er samstundes både ei enkel og ei vanskeleg bok.

Men la deg ikkje avskrekka. Berre ta den tida som trengst for å lesa boka. Du vil aldri angra på det. Og du vil vera eit anna menneske etterpå.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Nora FjelliBjørg RistvedtSolBookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilDemeterEvaJulie StensethTove Obrestad WøienedgeofawordKirsten LundAnn ChristinmarithcBerit RHilde H HelsethTone HTor Arne DahlHarald KRune U. FurbergalpakkaHanne Kvernmo RyeTatiana WesserlingTine SundalPer LundTonjeTore HalsaTorill RevheimGunillaLena Risvik PaulsenJan-Olav SelforsTone SundlandEli HagelundGrete AastorpAnniken Røil