Sveve over vatna har vore mitt første møte med vaksenlitteraturen til Ragnar Hovland. Og for eit møte det har vore! Heilt frå første stund var eg som fanga i Hovlands Bergensunivers.

Eg likte språket, som veksla frå det poetiske til det beint fram rå og direkte. Hovudpersonen, som kjem til Bergen for å studere, kan ein gong i blant komme med vakre betraktningar som

Då vi vakna visste eg at det hadde vore ei god natt igjen. Restar av draumane våre låg igjen på dyna og i gardinene, dei forma mystiske og fargerike mønster og lukta godt av sjeldne krydder, epleblomster, badesalt og barndommens sommarmorgonar.

Andre gonger blir mellom anna drikking og sex direkte og ganske eksplisitt beskrivne. Denne språklige vekslinga passer, etter mi meining, godt til innhaldet.

Hovudpersonen møter etter kort tid den underlege skruen Munk; ein hard core kommunistisk røvar som har vore med på det meste her i livet. Saman opplev dei mykje, sjølv om hovudpersonen i byrjinga heller motstridande blir med Munk på hans ville vegar.

Her finst ein virvelvind av kjærleiksforhold, reiser, tunge slag i livet, vennskap, drikking, politikk og framfor alt mange film- og litteraturreferansar. Artig at forfattaren sjølv både blir referert til (ikkje særleg positivt) og opptrer sjølv i boka.

Det har vore fornøyeleg å vere med på hovudpersonens utvikling frå han som ganske uerfaren kjem til byen og til han nokre år etter er, ja, ein annan….

Mennesket, tenkte eg, dette underlege dyret som svevar over vatna. Det går både opp og ned med det, men ein sjeldan gong når det heilt svimlande høgder av stordom.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Viser 7 svar.

For en herlig surrealistisk galskap! Mye språklig lekenhet og, som du sier, innimellom dukker det opp overraskende poetiske partier. Tilsammen blir det en meget vellykket helhet. Det er lenge siden jeg har ledd så mye av ei bok!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei fornøyelig og fengende bok med undertoner av alvor. Med det mener jeg at forfatteren beretter om hvor lett det kan gå å forkludre til livet sitt. Når det er sagt, så er begynnelsen på boka utrolig morsom, og der vi blir kjent med den ene typen etter den andre. Humoren og de mange gode replikkene i boka satt som et skudd.
Veldig positivt overraska over boka og jeg fikk litt sånn gjenkjenningsfølelse av 70 årene, vel, ikke så rein lite heller hehe.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Enig! Boka er veldig morsom og jeg tror alle som en gang har studert kan kjenne seg igjen i den (jeg studerte på 90-tallet). Enkelte ting forandrer seg aldri! Samtidig har boka den såre undertonen jeg liker; protagonisten er på en reise og lar oss lesere være med. Utviklingen han har underveis er gjenkjennbar; det handler om å vokse og å bli voksen, samtidig som man forsøker å ikke miste seg selv underveis.. Ei herlig bok, rett og slett ;)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Den står nå på ønskelista :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Gled deg stort!! Denne har mange fine sider!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Høres veldig fin ut. Satt akkurat og tok en siste titt her inne før senga. Så du hadde mange fine sitat i fra den.

Jeg får lest så altfor lite. Men nå trenger jeg å legge meg, Ingunn. Sov godt til deg, og så snakkes vi i morgen.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vi hørs! Natta!:)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

HanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHarald KHeidiMads Leonard HolvikElin FjellheimEirin EftevandChat_noirGodemineRufsetufsaMorten MüllerHanne Kvernmo RyeHallgrim BarlaupsiljehusmorHilde Merete GjessingPiippokattaBente NogvaDaffy EnglundMargrethe  HaugenIngunn SVannflaskeLisbeth Marie UvaagMaikenStian B. HopeMarianne AugustaRandiACathrine BoreMorten JensenLeseaaseStine SevilhaugInge KnoffGro-Anita RoenKirsten Lundtommy meyerSynnøve H HoelTonje Sivertsen