Ja, det er ei god bok, rørande og tankevekkande. Til liks med med fleire som har kommentert boka, synest eg at forfattaren i delar av ho var irriterande uthalande, sjølv om digresjonane i og for seg var interessante. Fleire har kommentert skildringar av grusame hendingar, men det som etter kvart slo meg er tragedien i at av fleire tusen jødar i den vesle byen Bolechow, overlevde berre 48 krigen. Det gjer Holocaust konkret.