Artig "problemstilling" Rose-Marie. Etter litt tenking kom eg frem til at eg ikkje er flau over å ha lese nokon bøker, sjølv om eg i førstninga var sikker på at eg kunne ramse opp ein god del.
Men det eg kanskje er litt flau over, er den haldninga eg har hatt til nokre bøker, før, og medan eg las dei. Særleg gjelder dette bøker som ALLE roser opp i skyene, til dømes Knausgård sin Min Kamp. Dess meir ros ei bok får, dess meir skeptisk vert eg.
Eg las også bibelen for nokre år sidan med eit einaste mål - å finne mest mogleg dritt. Eg fann frem boka for ei tid til bake og såg at eg hadde streka under alt av tvetydige, vulgære og sjikanerende setningar. Dette skammar eg meg litt over no.