Eit godt stykke litteratur peikar ut over seg sjølv; eit eksepsjonelt godt stykke litteratur gjer dette på ein sublim måte. Slik er det med "La tregua", eller "ådetid", som Mario Benedettis korte roman heiter på norsk. På det eine planet handlar boka om ein grå byråkrat som møter den store kjærleiken, men som ikkje våger å satse. På eit anna plan har boka hamletske dimensjonar; ho steller rett og slett det same spørsmålet som Hamlet, nesten fire hundre år etter Shakespeare: Å leve er å handle - her konkretisert til oppgjer med og opprør mot eit gjennombyråkratisert og undertrykkjande Uruguay. Kva skjer når vi ikkje tek opp det sverdet som Hamlet snakkar om i monologen sin? Romanen, som har form av ei dagbok, er ein mosaikk der alle bitane har ein funksjon på både individplanet og det eksistensialistiske - politiske - planet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Carine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda ANinaKirsten LundJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  Vaksvik