Det finst sikkert lukkelege skilsmisser. Oppløysinga av The Beatles var ikkje ei av dei.

Peter Doggetts bok You never give me your money (2009) er ei utmattande leseoppleving. Ho tek til på tampen av 1960-talet, då stemninga mellom Lennon, McCartney, Harrison og Starr hadde surna alvorleg.

Boka viser korleis dei fire prøver å finne fotfeste i livet som eks-Beatle dei neste 40 åra, og korleis dei vekslar på å sabotere kvarandres forsøk på trivsel, kommunikasjon og - kanskje var det aldri realistisk - gjenforening. Drapet på John Lennon i 1980 betra samhaldet i leiren ein kort periode, men det varte ikkje.

Det finst ingen skurk i denne historia. John-, Paul- og George-leirane meiner sikkert at deira Beatle kjem dårleg ut av det, men det er eg ueinig i. Doggett sin syrlege penn råkar dei alle, i tillegg til Ringo, som får alkoholikar-passet sitt grundig påskrive av forfattaren.

Pengar, kontraktar og opphavsrett er gjennomgåande tema i boka.

Fenomenet The Beatles vaks langt over hovudet på alle dei involverte på 1960-talet. Doggett gjer eit heiderleg forsøk på å forklare krattskogen av Beatles-selskap og pengemekanismar, og korleis dei fire sterke personlegdomane hadde ein eviglang såpeopera med utfall mot kvarandre gåande i pressa gjennom heile 1970-talet.

Har du eit personleg godt minne om noko Beatles-medlemmene gjorde etter 1970, får du det sannsynlegvis justert av å lese Doggetts bok. Eg har alltid likt McCartneys Unplugged-plate. Doggett avslører at sjølv den spontane feilsynginga av "We can work it out" der var innøvd. Og eg likte Anthology-serien, som ifølgje Doggett var eit resultat av Harrisons pengeproblem, og først kom på lufta etter ein knirkete diplomatisk prosess på bakrommet som får FNs sikkerhetsråd til å framstå som leikestove.

Ikkje les denne boka dersom du vil behalde barnetrua på The Beatles som fire upletta fyrar. Peter Doggett har ingen problem med å skrubbe patinaen av personane John, Paul George og Ringo.

Musikken deira står like støtt uansett.

Godt sagt! (6) Varsle

Sist sett

Lars Johann MiljeBjørg L.Karin  JensenEster SmarithcLinda NyrudVannflaskeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudGrete AastorpLailaIngvildSynnøve H HoelBente NogvaRandiAMartegretemorAnne Berit GrønbechIngrid HilmerKaramasov11Anniken LChristofferFindusLeseberta_23Berit RSissel ElisabethBeathe SolbergkntschjrldAnniken RøilSilje SjøtveitStian AxdalVibekeHarald KReidun VærnesErlend SamnøenHallgrim BarlaupOdd HebækMarianne  SkageAndreas VillangerOda Marie HHeidi Nicoline Ertnæs