Nok ein interessant og velskriven biografi frå Sigrun Slapgard. Me følgjer Werna Gerhardsen si historie frå fattigslege kår på Grünerløkka til statsministerfrue etter krigen. Ho gløymde aldri kvar ho kom frå, ho var aktiv lokalpolitikar og bystyrerepresentant, og med i frivillig miljøarbeid for barn i Oslo i mange år, også før ho og Einar vart eit par. Ho jobba ulønna, konsekvent innanfor arbeidarrørsla og var særleg engasjert i skule- og sosialpolitikk. Ho titulerte seg alltid som husmor og ønska å betre deira kår.

Me får høyre om det sangglade og barnekjære friluftsmennesket. Og me får høyre om teater og litteraturinteressa hennar. Til tider var ho nok noko stri og firkanta - Slapgard presenterer også denne sida av Werna.

Eg syntes ikkje boka er kjedeleg - tvert i mot. Blant anna det at Slapgard involverer oss lesarar i kva kjelder ho kan finne - og er til å stole på - og at ho tek oss med på sine vurderingar, gjer det spennande å følgje historia.

Me får eit innblikk i sosialpolitikk, men også utanrikspolitikk i etterkrigsåra. Ikkje minst handlar det om tilhøvet til Sovjetunionen og jernteppet. Både Werna og Einar var opptekne av å betre forholdet mellom aust og vest. Dette var også dei aktive åra til Håkon Lie med sterke motsetnader og rivningar mellom han og Werna Gerhardsen.

Bakhaldsangrepet som Werna vart utsett for lenge etter sin død, er overraskande og skuffande. Spesielt er det at Arbeiderbladet formidla dei skitne ryktene om henne på 90-talet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar
Solum Bokvennen - STORT BOKSALG! Over 350 titler fra 40,-

Sist sett

Tor Arne MyklebustmarvikkisIngunn SKirstenDemeterLaddenDaffy EnglundVioleta JakobsenAvaMetteEgil StangelandEva GabrielleSigrid NygaardsiljehusmorAkima MontgomeryTorFrode Øglænd  MalminEster SGeir SundetEllen E. MartolPiippokattaCathrine PedersenTine SundalKarin BergErlend SamnøenGroBerit RNtotheaBård StøreAud Merete RambølTove Obrestad WøienFarfalleBenedikteSynnøve H HoelBente NogvaJulie StensethAnne Berit GrønbechTurid KjendlieLilleviJohn Larsen