Ny informasjon om Nesset-saka som gjer at eg no tviler på om han har begått alle drapa, med unntak av kanskje 3..? Det får vi antakeleg aldri vite. Eg er mest sjokkert over at påtalemyndigheita var så skråsikre når det no blir framlagt så mange bevis på at det var høgst usikkert ndg tidspunkt. Ikkje minst det at Nesset var dopa ned med masse medisinar, var isolert og hadde opptil 10 timars avhør i lange periodar utan forsvarar til stades. Dårleg for trua vår på rettsvesenet, håper det er betre no??!
Ein annan ting eg er lettare sjokkert over er alle desse gamle menneska som kom på sjukeheimen som var så ekstremt tungt medisinert. Vel hadde dei mange sjukdommar, men det verkar som det vart pøsa på og med mange typar medisin som motverka kvarander i følge boka.
Sætre går igjennom dødsfall for dødsfall og klarer å sannsynleggjera at mange vitne endrar forklåring etter som tida går. Dette gjer han utan å henge ut vitna eller mistenkeleggjera dei, det er naturleg at dette skjer, det viser seg i mange saker.
Eg var imponert over og fascinert av teaterstykket om saka som vart satt opp for eit år eller to sidan det det vart fokusert på varslarane på sjukeheimen. Ære vera dei som gjorde det til slutt, dei har gått gjennom mykje vondt i ettertid. Eg håper ikkje denne boka ber stein til byrda for dei.
Ei gjennomarbeidd bok, nokre småfeil ( Fannrem kyrkje heiter Orkdal kyrkje), men det er pirk ( eg er jo frå Orkdal og var ofte på besøk på heimen).

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Solum Bokvennen - STORT BOKSALG! Over 350 titler fra 40,-

Sist sett

Tor Arne MyklebustmarvikkisIngunn SKirstenDemeterLaddenDaffy EnglundVioleta JakobsenAvaMetteEgil StangelandEva GabrielleSigrid NygaardsiljehusmorAkima MontgomeryTorFrode Øglænd  MalminEster SGeir SundetEllen E. MartolPiippokattaCathrine PedersenTine SundalKarin BergErlend SamnøenGroBerit RNtotheaBård StøreAud Merete RambølTove Obrestad WøienFarfalleBenedikteSynnøve H HoelBente NogvaJulie StensethAnne Berit GrønbechTurid KjendlieLilleviJohn Larsen