Odyssevs

Du er den du er, seier havet
Kven er eg?
Ein symjar på brådjupe vatn
ein siglar ovenom skyer
søkk eg i kvinnehender
flyt eg på eigne ord
stryrer eg skipet i blinde
høyrer eg døden rope
er eg ein taper
som ikkje har mot til å vinne
anna enn strid med menn
mens livet livet
det mjuke livet
glid over mi panne som søvn
du er den du vart, seier havet,
bli ny

Åse-Marie Nesse, Dikt i samling (Av hav er du komen), 1999 (1970)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Grete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEvaHilde H HelsethConnie