Kunne vere interessant å få høyre korleis lesarane oppfattar tittelen Medmenneske: Er forma inkjekjønn fleirtal, ubunden form - dvs. at alle desse romafigurane er medmenneske for einannan? Eller bruker Duun inkjekjønn eintall, bunden form - dvs. at Ragnhild er medmennesket? Eller kanskje at Didrik er medmennesket? Han bruker jo ikkje -t i inkjekjønn eintal, bunden form, Duun ... I lys av sitatet "Folk var medmenneske, han hadde dei ikring seg og likte seg ved det" ligg vel den fyrste tolkinga nærmast?

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 4 svar.

I forordet til min utgave skriver Rolv Thesen:

«Da Duun skreiv Medmenneske (1929), var det boka om Didrik Dale han ville skrive. Først tenkte han å kalle boka «Retten år», seinere tenkte han på «Eit medmenneske», for di denne titelen høvde så godt på Didrik Dale. Duun har i skildringa av den vonde Didrik streka sterkt under at han ikkje er som andre menneske. Didrik har i grunnen mist sambandet med det eigenlege menneskesamfunn; …»

Det å være et medmenneske er ikke et entydig begrep. På østnorsk har det gjerne en positiv valør. Medmennesker er mennesker som er til stede for hverandre og stiller opp for hverandre. Men i bunn og grunn er vi alle medmennesker. Mennesket er et sosialt dyr, og vi kan ikke leve uten hverandre. Tittelen er tankevekkende og god; Didrik er et menneske som bryter med samfunnets normer og moralske retningslinjer. I manges øyne har han stilt seg utenfor samfunnet, men han er like fullt en del av det. Didrik Dale er et medmenneske.

Selv ser han slik på det:
«Didrik hadde aldri halde seg for ein utanom dei andre. Folk var medmenneske, han hadde dem ikring seg og likte seg ved det; dei var så ymse og så mangt, han kjente varme gode mengda av dem. Stundom kløkte (rørte) dei han, for dei var bedre enn han. Enda kunde han ikkje rekne dem for menneske heit ut, somme tider; dei tok han fri for det. Dei såg ikkje retten som ein annan hadde, dei gjekk og trødde på den.» (side 47)

Jeg mener at tittelen, Medmenneske kan henspille både på mennesket Didrik og på det lille kystsamfunnet der handlingen utspiller seg.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eller kanskje Duun bruker intetkjønn entall, ubestemt form, dvs. at tittelen på romanen hentyder til et allment begrep. Det virker litt søkt å prøve å modernisere tittelen og f.eks. kalle boka "Medmennesket" eller "Medmennesker".

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det kan nok vere - eg held nok på inkjekjønn fleirtal, ubunden form; dette inkluderer jo både Ragnhild og Didrik. Men ofte tenkjer eg at det er Didrik som ersjølve medmennesket ...

Om "svaret" på gåta hadde vore inkjekjønn eintall, bunden form (som det jo godt kan hende det er dekning for), ville ikkje Medmennesket vere noka modernisering, men heller uttrykk for den offisielle rettskrivinga som òg var gyldig på Duun si tid, men som han hadde ein fri omgang med. Heller ikkje Medmennesker ville vere uttrykk for modernisering, sidan denne forma tilhøyrer ei anna målform enn den Duun brukte.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Med forbehold om at jeg enda ikke har kommet så langt, men såvidt jeg kan se er det Didrik som grubler rundt tema medmenneske:

«Didrik hadde aldri halde seg for ein utanom dei andre. Folk var medmenneske, han hadde dem ikring seg og likte seg ved det; dei var så ymse og så mangt, han kjente varme, gode mengda av dem. Stundom kløkte dei han, for dei var bedre enn han. Enda kunne han ikkje rekne dem for menneske heilt ut, somme tider; dei tok han fri for det.» (kap 2, s 49 i pocketutgave av 2017).

Så i samtale med Ragnhild (eller Vårherre) på roturen til legen:
«-Du? Sa han til Ragnhild. Deg er eg redd. For der er noko godt i deg; du er det samme slaget som eg. - Jasså, Vårherre er rettferdig? Da er han min mann. - De snakkar om medmenneske. Ja da, det lét ikkje stygt det. Men eg har ikkje bedt om dem - ta dem til deg att, Herre! - Ja visst har eg rått på ærlig folk. Men eg gjekk av vegen for dem. For enten var dei for dumme eller for sluke. Men når du seier at mennesket er ypperste skapning på jorda, da snakker du om deg sjøl; og det er ikkje fint. Og kva seier du ikkje om oss andre straks etter!» (kap 3, s 72)

Det virker som Didrik mener at menneskeverdet er noe man må fortjene - medmenneske er kun de som gjør seg fortjent til det, enten gjennom klokskap (eller mangel på dumhet) eller godhet eller ærlighet.

Min lesning, slik sett, blir flertall ubundet form? Altså at det er begrepet «medmenneske» og det å være menneske i et samfunn.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sist sett

Anita NessIngvild SsomniferumBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesStig TKirsten LundBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasHanne Kvernmo RyeKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BHanneDemetersiljehusmorMads Leonard HolvikSigrid Nygaard