Riktig ei bok for leseløver.

Her kjem perlene på rekke og rad; mest om bøker og forfattarar - og litt om andre emne som ferjer og prestegardar. Hovland har ein vittig, men entusiastisk og lun skrivestil som går rett heim hos meg som lesar. Det hjelper sjølvsagt at Hovland er begeistra for mange av dei same bøkene som eg sjølv set pris på. Det gjeld ikkje minst barnebøker som Mark Twains Tom Sawyer og Stuart Mus av E.B. White. Hovland syner òg dei vaksne kan ha stort utbyte av å lese dei og andre klassikarar på ny.

Hovland er òg god på samtidslitteratur av forfattarar litt eldre enn han sjølv, gjerne dei som jonglerer med språket og skriv i den meir fabulerande sjangeren som mellom andre Tor Åge Bringsværd og Rolf Sagen. Han er òg ein god vegvisar til amerikanske og franske forfattarar frå 1950-talet og utover.

Dei store forfattarane frå tidlegare generasjonar er Hovland ikkje fullt så interessert i. Johan Borgen vert avspist med omtale av ei lita sumarbok frå 1947; berre Duun får respektfull omtale. Dei korte tekstane om hans eige forfattarskap fortel at den lette skrivestilen nok er hardt tilkjempa.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 2 svar.

Jeg har vært Hovland-beundrer i flere tiår, men denne har gått meg hus forbi. Rett på ønskelista med den - takk skal du ha!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hovland er ute med ny, tilsvarende bok i høst, men Kunsten å komme heim ... har holdt seg særs godt, synes jeg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeStig TIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundHanne Kvernmo RyeSigrid NygaardHarald KNina SolåsPiippokattaElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinGBeathe SolbergMonica CarlsenEmil ChristiansenPer LundAvaAud Merete RambølThomas Heie H.Turid KjendlieStine AskeMads Leonard HolvikIngebjørgGroChristoffer SmedaassiljehusmorCarine OlsrødBrit HonningsvågAlice NordliHanneTine SundalAnne-Stine Ruud HusevågEllen E. MartolStian AxdalBjørg RistvedtHeidiElin Fjellheim