Magisk? Nei, heller poetisk og nøkternt, vakkert men òg skremmande om sorg og alvorleg sjukdom i nær familie. Eg kan skjøna at lesarar reagerer ulikt på denne boka. For meg vart ho likevel so gripande og opplysande av di Didion ikkje berre fortel tett på om sine eigne - dramatiske - røynsler, men ho set den personlege soga si inn i ein større, ållmenn samanheng. Ho får godt fram den maktesløysa mange opplever i møtet med moderne, teknifisert medisin.

Ho får òg godt fram kor viktige seremoniar er for dei som sit att etter dødsfallet. Dei hjelpar oss i det vanskelege arbeidet med å godta at eit menneske som har stått oss nær, no er borte for all tid.

Eg har tidlegare berre lest reportaseboka Salvador av Joan Didion. Ho er lita bok om ein utskremd journalist i borgarkrigen i El Salvador på 1980-tallet. Òg velskrive, men sørgjeleg lite opplysande om El Salvador. De magiske tankers år er ei mykje betre bok. Ein favoritt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg har lest denne for noen år siden og likte den godt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

CecilieJakob SæthreBoktimmyRandiAReadninggirl20VildeEmil ChristiansenErikElin SkjerengHarald KJulie StensethKristinSiv RønstadWenche VargasHildLadyOfTheBookskaroghMaikenHilde SReidun SvensliKetilMaria Festli EriksenAnne Berit GrønbechLeseaaseToveIngunn SRoger MartinsenalpakkaInger Johanne SæterbakkArcticDwarfsusannaMarius Theodor Yttri FjørtoftUnn BjørklundKristinLibraritas vDolly DuckAlice NordliTine JohnsenIdaKay Nilsen