Hovedpersonen vert uventa gravid og går gjennom endringar både fysisk og mentalt. Me følger ho gjennom heile svangerskapet og dei første månadane med baby. Brått vert det viktig med fast jobb for å få foreldrepengar. Ho tenker på barndommen sin, og ser mor si med nye auge. Ho tenker på korleis samfunnet ser på morsrolla. Ho leiter etter dei heilt subjektive erfaringane om korleis fødselen er. Ho vil førebu seg, men som alle nye mødre blir verda snudd opp ned når ein blir mor. Eg kunne kjenne meg att i mange av tankane hennar, og hugsar sjølv at eg las alt eg kom over for å lære om det nye tilværet med barn. (Eg har ei liste med svangerskapslitteratur her på bokelskere, og ei med foreldrelitteratur!) Eg hugsar eg likte veldig godt Vinterbarn av Dea Trier Mørch, men denne kjem endå tettare på korleis det er å få barn no i 2019. Vinterbarn hadde mange flotte skildringar, men ber likevel preg av å vera frå 1977. Eg har nok meir til felles med hovudpersonen i Dyret. Perfekt bok for ventande mødre!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaTove Obrestad WøienIngeborg GKjerstiEllen E. MartolIngvild SStig TritaolineAvaHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk OttersenKatrinG