Boka som for alvor gjorde meg glad i lesing var Diane Setterfields bok "Den trettende fortellingen" - det er ei bok eg no har lese tre gonger, på norsk, på engelsk, og som lydbok. Og kvar gong finn eg noko nytt, ei ny samanheng, eit nytt hint, eit nytt teikn/symbol/metafor.
Så ... når eg no fann denne boka her av same forfattar var eg litt redd for å gå laus på ho, for forventningane var høge, og dermed også fallhøgda like så. Heldigvis var eg uroa utan grunn - nok ei perle av ei bok!

Boka er skriven på eit språk som gjer at eg opplever ho som eit slags eventyr for vaksne. Heile handlinga litt innpakka i ein slags mystikk og undring. Det finnst element av noko overnaturleg i boka, men eg vil likevel nøle med å seie at sjangeren "fantasy" er gjeldane. Boka er solid gjennomført både mhp språk, karakterar og plott.

Slik eg ser det, er denne boka ein slags (vellykka) kombinasjon av mysterium, mystikk, magi, dramatikk og romanse.

Kort om handlinga:
Ein haustkveld dukker ein skada mann opp på den lokale pub-en. Med seg har han ei livlaus jentunge. Mannen er hardt skadd, og segner om. Sjukepleirska blir tilkalla. Ho fastslår at jenta er daud. Men så - kort tid etter at ho har fastslått dette finner ho svak puls, og får liv i ungen igjen. Mannen blir liggande i sjukesenga nokre dagar. Då han vaknar til er minna hans vage og han veit ikkje kven jenta er. Historia om den daude jenta som vakna til liv sprer seg i området, og tre ulike personar/familiar dukkar opp for å ta til seg ungen - som dei hevder tilhøyrer dei.
Vi følger dei tre, samt menneska rundt.

Boka byr på spenning og mystikk. Samstundes finst mykje humor mellom linjane - elegant humor som ikkje blir kasta på deg, men som ligg litt skjult og uhøgtidleg spredd. Karakterane er herlege og velutvikla. Plottet henger godt i hop. Språket løfter heile boka opp - det er tidvis litt lyrisk, utan å bli for billedleg og treig. Samstundes er det flytande og enkelt å lese. Og ikkje minst er det morosamt, sjølv om humor på ingen måte står sentralt i fokus i denne boka.

LES LES LES!!!!!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckHarald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit R