Det er møkkavershelg utan forhold for ski
Så her sit eg og les i ein antologi
Der er dott’ra i huset så smått involvert
Med det første ho nokon gang har publisert
Og når denne er ferdig så tek eg nok fatt
På ein halvgalen finne og Herre min hatt
Attpåtil har eg lydbok sånn aven og til
David Copperfield er med når eg køyrer bil.