HANDLING
Den andre boka utfyller den første på meisterleg vis. Ho tek føre seg Jarles barndom – altså hopper vi bakover i tid her, og får innblikk i Jarle og familien hans sitt liv i tida opptil bok nummer ein.
Episodar, kjensler og tankar frå den første boka får solide bein å stå på. Eg likar særs godt at denne boka er skriven i tredje person (den første er skriven i første person, kor Jarle er fortellaren.) Det er ikkje så vanleg at ein forfattar bytar fortellerstemme undervegs på dette viset, og at det blir gjort her fungerer utruleg bra! For i denne boka får vi eit djupare innblikk i Jarles barndom, og ved å fortelle i tredje person bli vi betre kjende med menneska og omstendigheitene rundt Jarle. Vi blir betre kjent med pappa Terje, mamma Sara, bestemor, øvrig vener og slekt. Eit solid bilde av ein ustabil familiedynamikk. Ein familiefar som vil og vil, utan å få det til… Korleis kunne alt gå så glae, når intensjonane var gode?

DET EG LIKAR SÅ GODT MED DENNE SERIEN OM JARLE:
+ energi og futt og fart
+ humor i bøttevis; både via handling/plott, men også gjennom språket
+ ingen ”daude” parti; ein rekker ikkje bli rastlaus og lei mens ein leser, det er god driv heile vegen.
+ Bilete mitt av Jarle Klepp er komplett; eg føler verkeleg eg blei kjend med han gjennom desse bøkene. Eg følte eg visste litt kor han sto og stilte seg mtp diverse tema… litt sånn ”Typisk Jarle å reagere slik!” – og då skal ein kjenne eit menneske (eller fiksjonell karakter….) ganske godt. Samstundes kjenner eg han ikkje heilt – for eg lærte heile vegen noko nytt om han. Ja, Jarle Klepp slutar aldri å overraske – og nettopp dette gjer han så ekte, for slik er det med menneske ein kjenner godt ”in real life” og – dei har mange lag og uansett kor godt man trur man kjenner sine vener vil ein ALLTID kunne oppdage noko nytt ved dei.
+ Elskar at stadene er ekte, sikkert ekstra gøy for meg som rogalending sidan eg kjenner meg att.
+ Nostaligisk og tidsriktige skildringar gjer at ein kan føle seg ekstra engasjert og medrevet (men for yngre lesarar kan dette kanskje ha motsett effekt – at ein ikkje kjenner seg att…tamagocchi, kva var det?, liksom. Sjølv hugsar eg godt datadyr-dagane, men for ein tenåring i dag er nok dette heilt gresk)
+ Setter enorm pris på kor djupt forfattaren har gått inn i hovudet til Jarle Klepp – det kjem klart ut av teksten at dette er basert på noko ekte – om ikkje handlinga er reell, så er iallfall kjenslene i boka bygga på noko ektefølt. Det kostar å skrive på denne måten kor ein utleverar og visar fram hovudpersonens innste kjensler på denne måte.
+ Trass i mange såre episodar og ein tøff barndom, leser eg bøkene med eit smil. Eg får genuin medkjensle for karakterane – ikkje berre for Jarle. Og, denne sympatien er ikkje eit resultat av at karakterane har det vanskeleg; dei vert ikkje skildra som stakkarslege, hjelpelause ofre, men som heile menneske med mange lag.

(Utdrag frå omtale av heile bokserien - henta frå bloggen min https://spraakraadblaagg.wordpress.com)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

siljehusmorLailaJulie StensethChristofer GabrielsenAnne-Stine Ruud HusevågHarald KEgil StangelandAlice NordliTine VictoriaAvaTor-Arne JensenHanne Kvernmo RyeRisRosOgKlagingJarmo LarsenFrode Øglænd  MalminGroSolEli HagelundAud Merete RambølBeate KristinNtotheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudalpakkaHilde Merete GjessingConniePilarisKjerstiSynnøve H HoelBjørg RistvedtEllen E. MartolLena Risvik PaulsenFindusChristoffer SmedaasAnn ChristinNina M. Haugan FinnsonBeathe SolbergJan Arne NygaardVannflaskeMarit HåverstadKirsten LundMonica Carlsen