Fire litt svake stjerner for denne. Elska dei to første bøkene i serien, såpass mykje likte eg dei at dei begge to har fått plass på favorittlista. Så forventningane var kanskje noko for høge til denne tredje boka. Ho er overhodet ikkje dårleg, langt der i frå, men samenlikna med dei føre bøkene er historia tynn. Tidvis blir det òg litt for mykje av litteratur - og filosofi-t refleksjonar. Skjønner at poenget er at Jarle er djupt oppteken av dette og nærmast forelska i heile prinsippet akademia, men likevel blir det litt for mange referansar og litt mykje bla-bla-bla.

Likevel er dette ei lettlest og underhaldande roman. Charlotte Isabel er eit sjarmtroll og eit barn ein ikkje kan unnlate å kjenne seg igjen i. Persongalleriet og karakterutvikling og dialogar redder denne boka. Og som alltid formidler Renberg historia med originalt og krydra språk (sjølv om det her, tidvis, blei litt for mykje av det gode).

Kort om handling - Jarle er no tjuefem, busatt i ei lita leigenheit i Bergen kor han er i ferd med å avslutte studiane sine. Han er stolt og kry over si eiga kunnskap, anser seg sjølv som litt betre og klokare enn alle desse normale, ulærde menneska rundt han. Han har ikkje mange venner, men dei han har er nære og gode, og han er også stolt av å være del av den "utvalte" gruppe studenter som utgjer ein slags elite-gruppe, slik dei sjølv ser det. Så her lever han med vener, studier og ei elskerinne. Og så kjem Charlotte Isabel inn i livet hans og snur opp ned på ganske så mykje, fundamentet Jarle har bygd seg i Bergen slår sprekker og han utvikler seg på fleire måter. Forutan å bli litt meir vaksen og mindre sjølvsentrert, startar han også å tvile litt på verdien og viktigheita av dette han vier all tida si på - litteraturen...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Hanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiTove Obrestad WøienVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda ANinaKirsten LundJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit REllen E. MartolPiippokattagretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMaren