Eg tykkjer at forfattaren har mange gode poeng. Likevel syns eg han i nokre tilfeller går litt langt i å fortelle kva folk bør kvitte seg med. Poenget hans er godt: vi er for opptekne av materielle ting, og vi samanliknar oss for mykje med andre. Samtidig syns eg ikkje at han får godt nok fram at dersom noko du har genuint gir deg glede, ja då bør du behalde denne tingen.

Til samanlikning med andre innen same retning: Konmari-metoden fokuserer mykje meir på at ein skal kvitte seg med dei tinga ein ikkje treng og dei tinga som ikkje gir glede. Men, Konmari seier også at ein skal behalde dei tinga som er nyttige og som gir glede. Der blir det fokusert på at ein skal behalde det antallet ting som er riktig for ein sjølv.

Forfattare av denne boka gjekk frå å vere ein rotekopp til å bli minimalist. Han skriv mellom anna at han no støvsuger kvar dag. Eg syns ikkje det høyres sunt ut. Eg fekk kjensla av at han gått frå ein ekstrem ting til ein annan, og ikkje heilt har klart å finne balansen. Eg trur minimalisme har mykje bra for seg, og eg trur det er bra å reflektere over kva ein eigentleg treng og kva som gir glede. Men eg trur også at det er viktig med ein viss balanse og å finne kva som er riktig for ein sjølv. Det er uansett ei interessant bok, som fekk meg til å tenke mykje.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Marit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit Rgretemor