Det skulle eigentleg ikkje gå an. At ei bok om vedhogst, stabling, fyring etc skal bli ein bestselgar i Norge i våre dagar, meiner eg. For ærleg talt, vi bor stort sett i byar og tettstadar, rundt 80% i følge ssb. Og av dei øvrige 20%, kor stor del er det egentlig som har høve til å hogge eigen ved? Og av dei som har høve til det, kor mange er det som faktisk orkar? Det kan i alle fall ikkje vere det påtrengande behovet i det breide lag av folket for praktisk rettleiing som gjer at denne boka har blitt så populær.

Men det er vel ikkje usannsynlig at veldig mange likevel har tatt borti ei vedøks ein eller gang i livet. Kanskje på hytta for den som har det, kanskje på vinterferie på gardsbruket til ei tante i familia, eller kanskje som meg, som fekk høve til å hogge eit par favner med ved per år i ungdomstida, for å tene litt lommepengar. Det å jobbe med ved er det kjekkaste kroppsarbeidet eg veit om. Spesielt når eg har god tid, og kan nytte buesag og øks i staden for motorsag og hydraulikk. Det er rein terapi å sjå an ein vrien bjørkekubbe, lese korleis veden gjeng på innsida, og kvar en må setje øksa for å greie å kløyve den i pene skier. Og så luktar det så godt medan ein held på, ikkje minst.

Dette med å sjå an vedkubbar før ein kløver dei er så vidt eg kan sjå noko av det einaste Mytting ikkje tek opp i boka si. Til gjengjeld får ein rikeleg med historie, fakta, råd og anekdoter om alt frå røkt av vedskog, motorsager, stabling og tørking, fyring og ovnstyper. Boka er rikt illustrert med bilete, og ein møter eit knippe menneske som har eit nært forhold til ved og vedfyring. Trilveleg lesnad, med andre ord. Sjølv las eg denne medan eg pusla med mitt eige vesle vedprosjekt i seinvinter/vår, ca ¾ famn som med vårt beskjedne forbruk varer minst ein vinter, kanskje to (treng berre å fyre når det blir kaldare enn -5, og det skjer ikkje så ofte her eg bur).

Det er eit populært munnhell at veden varmar to gangar, først når du lagar den og sidan når du brenn den. I og med denne boka har eg lyst til å føye til ein tredje gang: når du les om den.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Jakob SæthreSol SkipnesStig TKirsten LundBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasHanne Kvernmo RyeKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaIngeborg Kristin Lothe