Jo Nesbø blei invitert med i forlaget Hogarth sitt Shakespeare-prosjekt, der ulike forfattarar har blitt spurt om å skrive sin eigen romanversjon av eit av Shakespeare sine teaterstykke. Nesbø valde Macbeth.

Hjå Nesbø er Macbeth ein tøff politimann (dog ikkje tøffare enn toget, skal det vise seg), han leier ein nådelaus og blodig kamp mot den kriminelle motorsykkelgjengen Norse Riders. Når han ikkje er opptatt med å jakte skurkar hyggar han seg hjå kjærasten, den vakre og ambisiøse Lady. Og Lady ser ingen grenser for kor langt ho og Macbeth kan nå, spesielt ikkje etter at sistnemnde sin arbeidsinnsats blir krona med suksess. Men for å kome til makta må dei ty til illgjerningar, og for å halde på den må dei ty til enno fleire. Det heile ballar på seg i ein voldsom og blodig (det er trass alt Nesbø) negativ spiral. Og sidan Shakespeare sitt skodespel er ein tragedie så treng eg vel ikkje skru på spoilervarsel når eg nemner at det neppe kan bli ein lukkeleg slutt for Macbeth?

Eg tok meg bryet med å lese originalskodespelet før eg starta på denne boka. Det er eg veldig glad for. For Nesbø har vært rimeleg trufast mot originalen, sjølv om tidsepoka er endra frå middelalder til ca 1970. Den som ikkje kjenner til handlinga i skodespelet vil muligens finne handlinga i Nesbø-boka noko søkt. Sjølv blei eg imponert over korleis Nesbø har løyst denne oppgåva. Rollene er sjølvsagt justert noko for å tilpassast eit 1970-miljø, her dreier det seg ikkje lenger om kongar og dronningar men om borgarmeistar, politimeister og casinoeigar. Eller at heksedronninga Hekate har blitt til ein narkobaron. Men handlinga er ein trufast parallell til originalen, ein kan endåtil finne att delar av den originale dialogen.

Det er eit riskikoprosjekt av Nesbø å ta på seg denne oppgåva. Han er garantert negativ kritikk frå minst to hald, frå dei som meiner at Shakespeare uansett er best og at det er meiningslaust og kanskje endåtil respektlaust å prøve seg på ei gjendiktning, og så frå dei som ventar seg ei tradisjonell krimhistorie og ikkje kjenner til dei føringane som ligg i originalteksta. Etter mitt syn har Nesbø levert ei veldig god gjendiktning, den er trufast mot originalen samstundes som den har eit tydeleg Nesbø-stempel. Bravo.

Eg ser ikkje vekk frå at eg kjem til å lese fleire Shakespeare-gjendiktningar. I såfall vil eg gjere som no, og lese originalen først.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Reidun Anette AugustinStig TAvaGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H HoelIreneleserFindus