Edvard Hoem har dikta opp att historia til nokre av slektningane sine frå tidlegare ætteledd. Tidsromet er siste delen av 1800-talet. På ingen måte berre fri fantasi, han har tatt i bruk kjelder så langt det er råd, både når det gjeld personane sjølve og omgjevnadane dei lever i. Men i staden for å gi ei dokumentarisk framstilling av personar og hendingar, så bles han heller liv i dei, forsyner dei med tankar, kjensler og dialog. Eller togn, når det er det som trengs.

Ein møter mange personar i denne boka, men hovudpersonen er nok først og fremst slåttekaren Knut Nesje, som på fritida driv og ryddar seg jord i liene ovanfor Molde. Kona har døydd frå han, men han treff ei ny, Serianna. Det blir fort ungar av slikt. Og det var harde tak for ein fattig husmann å forsørge ein veksande ungeflokk. Den yngre søstara til Serianna, Gjertine, får også etter kvart ei avgjerande rolle i boka, då ho som den første i slekta vandrar ut til Amerika. Dame med tak i, denne Gjertine. Ein ser vel også at skikk og bruk har endra seg noko på dei siste 130-140 åra. Måten Ola, bror til Serianna og Gjertine, hente seg kone i Malmedalen på hadde vel neppe passert i dag. Eller hadde den det?

Det er godt gjort av Hoem å skape ei slik levande forteljing ut av det materialet han har hatt tilgjengeleg. Lesaren blir sugd inn i historia, og det er lett å lage sitt indre kinolerret der orda i boka blir til landskap, bygningar og levande personar. Noko av dette kan nok tilskrivast at sjølve språket i boka er særs godt. Og boka er for øvrig ganske lettlest. Dette er første boka i det som så langt har blitt ein slektskrønike på 4 bind. Det er berre å lese vidare, for dette er bra.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågHarald KEgil StangelandAlice NordliTine VictoriaAvaTor-Arne JensenHanne Kvernmo RyeRisRosOgKlagingJarmo LarsenFrode Øglænd  MalminGroSolEli HagelundAud Merete RambølBeate KristinNtotheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudalpakkaHilde Merete GjessingConniePilarisKjerstiSynnøve H HoelBjørg RistvedtEllen E. MartolLena Risvik PaulsensiljehusmorFindusChristoffer SmedaasAnn ChristinNina M. Haugan FinnsonBeathe SolbergJan Arne NygaardVannflaskeMarit HåverstadKirsten LundMonica CarlsenArne SjønnesenMartinReidun Svensli