Naivistisk og småmorosam forteljing om ein vellukka familiefar frå Oslo som finn ut at han heller skal bli einebuar i skogen. Hovudpersonen, Andreas Doppler, fortel i første person. Han har samla opp ein god del frustrasjon over A4-livet han lever, og dødsfallet til faren i kombinasjon med ein smell i hovudet under ein sykkeltur i marka er det som skal til for at han vinkar farvel til sivilisasjonen. Men heilt farvel blir det likevel ikkje, det er trass alt ein del ting han treng som han ikkje kan finne i skogen. Skumma mjølk, til dømes.

Det er ikkje godt å vite kor djup Loe ynskjer å vere i denne boka. Er det berre overfladisk fjas og løyer, eller prøver han å seie noko grunnleggjande om framandgjeringa av menneske i urbane strok, og om lengten attende til naturen? Sjølv høyrer eg til dei som meiner at natur er best på TV, og dermed har eg naturlegvis litt tungt for å tru på hovudpersonen sine val. For ikkje å snakke om at det finnest såpass tålmodige koner som det Doppler har.

Det har kome to bøker til om Andreas Doppler. Men i den grad eg kjem til å lese fleire bøker av Loe, og det kjem eg nok ganske sikkert til å gjere, så vil eg nok i første omgang satse på to av dei tidlegaste bøkene hans, Tatt av kvinnen og Naiv. Super.. Dette er bøker eg har tenkt å lese i over 20 år no, og før eller seinare må eg vel gjere alvor av det.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

AvaStig TKnut SimonsenPiippokattaTove Obrestad WøienIngeborg GKjerstiEllen E. MartolIngvild SritaolineHarald KLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11Mads Leonard HolvikmgeHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten LundSigrid NygaardNina SolåsElisabeth SveeTone Maria JonassenKine Selbekk Ottersen