Det er umogleg å lese denne boka utan å sjå for seg Bør i Rolf Wesenlund sin tolking frå musikkspelfilmen frå 1974. Og dermed er det uråd å unngå å kome i godt humør. Eg trur nok fort at denne mentale koblinga kan ha bidratt til minst eit halvt auge ekstra på terningen.

I denne stutte romanen raljerer Falkberget over sjølvhøgtidlege oppkomlingar, det var sikkert ein del av dei rundt 1920 også. Ein møter unge Bør Børson jr. medan han er på veg heim frå Trondheim, orsak, Trondhjem for å åpne landhandel på faren sin gard i Olderdalen. Junior har plukka opp mykje i byen, både språk og fakter, og legg planar for å slå seg fram i verda. Så kan det også hende at verda finn på å slå attende.

Det er litt av nokre sprell lesaren får vere med på, både innanfor bygda sine ramer, i det meir urbane sosietetslivet samt i pengespekulasjonar. Bør jr. er ein forfengelig jålebukk og opptatt av pengar og makt, men på botnen er han likevel godhjarta. Godhjarta var nok Falkberget også, som skreiv han ut av den eine knipa etter den andre og sørga for at alt ordnar seg til slutt.

Eg gjeng ut frå at «Feelgood-roman» er eit omgrep som er nyare enn Falkberget sin forfattarskap, men denne boka kan kanskje passe i kategorien? Eg kjende meg i allefall både glad og nøgd medan eg las, og etterpå også. Så dersom nokon treng å muntre seg opp litt nokre kveldstimar, så er det berre å finne fram denne boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Ella_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEva