((kommentar-etter litt ettertanke kom eg til at eg må trille ein firar for denne... Og ikkje fem som eg i utgangspunktet gjorde)

Har gitt samtlege bøker i denne serien femmare. Desse fem er imidlertid litt svakere enn dei andre. Rett og slett fordi eg anser mykje av innholdet i denne boka som "fyllstoff" - tilbakeblikka på Fins ungdomstid er stort sett relevante til hovedplottet, men nivået av detaljar blir tidvis for mykje synes eg. F. Eks kappløpet då dei krangla om bandets nye namn - denne episoden kunne vore enklare formidla med langt færre ord (mange sider kunne med fordel blitt kutta...) utan at noko særleg av betyding ville gått tapt. Ulikt frå dei andre to bøkene blei overgangene mellom tilbakeblikka og notida litt meir "fremprovosert", dei kom ikkje like naturleg inn i handlinga som i dei føre bøkene. Og som i den første boka synes eg heller ikkje at det var vellykla at fortellerstemmen veklas mellom "eg" - person og tredje person når begge deler handla om ein og same karakter: Fin.

Meeen når det er sagt - dette er ei solid og underholdende krimbok. Og som i dei andre to inneheld boka fleire interessante fakta og innslag av historie frå dette øyområdet utanfor Skottland. Historie i små dosar som ikkje blir for keisamt eller belærande... For eg eg generelt ikkje så glad i såkalla historiske romanar nettopp fordi eg ofte opplever dei som litt for mykje fakta og litt for lite roman. Men denne... Her lærte eg mykje utan å tenke at eg blei undervist i historie.

Vi følger fleire av dei samme karakterane som i dei føre bøkene, pluss nokre nye. Igjen er karakterane velutvikla, ekte og truverdige. Einaste som blir litt rart, synes eg, er at mange av desse ikkje er med i den første boka... For dei har hatt og har framleis ein stor rolle å spele i Fins liv og burde ha inngått i tidslinja og tilbakeblikka i den første boka.

Plottet og handlinga vil eg ikkje seie så mykje om fordi eg ikkje vil øydelegge eller røpe noko. Men kort sagt vert ein rekke hendelser utløyst då Finn og Whistler finner eit flyvrak med eit lik i. I tillegg til etterforsking av den saka følger vi Fin inn i hans nye liv på øya - ny jobb osv - samtidig som vi får lære meir om hans oppvekst på øya via tilbakeblikk. Også relasjonene mellom Fin og hans næraste på øya får vi se meir av - både i notid og fordi.

Har du lese bok ein og to så er dette ein absolutt "must" som gjer ein god avslutning på heile serien. God avslutning som åpner for ulike muligheter utan å vere såpass åpen at ein føler seg snytt. Litt happy ending, men ikkje i overkant. Langt der i frå. Realistisk, rett og slett.

(står framleis fast på at bok nr to var den beste!)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Enig. For meg var dette den svakeste boka i trilogien.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Trine LiseEdvard Granum DillnerIngeborgEli HagelundEivind  VaksvikG VoldelmeAstrid PedersenHilde H  HelsethgretemorvaskeklutTine SundalLisbeth Kingsrud KvistenJohn LarsenellinoronilleReadninggirl20VibekeTorill Elisabeth RevheimMorten Bolstadtove NessAnjaMonica CarlsenSiljeRosa99moiraLene AndresenRisRosOgKlagingAlex NietoBjørg Elin NærlandTone SundlandHarald KDemeterJostein Røysetingar hKjell PNeda AlaeiStine ImingenMartine GulbrandsenSivAstrid Terese Bjorland Skjeggerud