Eit ordentleg eventyr, dette her. Unge John Saturnall og mora blir drivne frå heimstaden av ein fanatisk folkeforførar som skuldar dei for hekseri. Mora byrjar å innvia John i eldgamle løyndommar frå dalen dei kallar heimen sin, om hagar og urter, heidenskap og kristendom. Men ho døyr snart, og unge John hamnar i teneste som kjøkkengut på godset til ein rik adelsmann i dalen. Derfrå jobbar han seg opp i gradene, godt hjelpt av sin uvanlege luktesans. Livet på godset blir skildra frå kjøkkenet, med sterke lukter og brennande varme, kameratsleg samhald og bitande sjalusi.

Det er ei svært underhaldande bok. Skildringane av kokkekunst på 1600-talet er fargerike og levande, og historia er lenge spennande. Vegen frå oppvaskhjelp til meisterkokk blir likevel noko for kort og friksjonsfri. Dei seinare aktene, som handlar om Johns romanse med den spisevegrande dottera på godset, blir heller aldri så gripande som forfattaren har meint dei. Ellers var det mange av dei meir lidenskaplege episodane utover i boka som var relativt klønete og ubehagelege lesnad – mat og erotikk er sanseverder som etter min smak går saman litt som olje og vatn. Og etter at den engelske borgarkrigen bryt inn i fortellinga som eit dramatisk vendepunkt, føles resten av handlinga noko forhasta, med såpass mange lause trådar at eg mistenker at forfattaren eigentleg hadde planlagt ei meir omfattande bok som har blitt skore ned etter kvart.

Alt i alt kan eg tilrå John Saturnall's Feast til alle med interesse for historiske romanar og/eller arkaisk kokkekunst. For nykommarar til Lawrence Norfolks forfattarskap, kan eg tilrå den meir krevjande og postmoderne, men òg meir givande romanen Lemprière's Dictionary.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ella_BSol SkipnesGrete AastorpHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiIngvild SritaolineLailaEva