Det er sikkert mange som er begeistra for Charles Dickens, og kanskje spesielt Great Expectations som er ei av dei meir kjende bøkene hans. Denne boka spelar hovudrolla i boka som eg vil foreslå til neste runde, nemleg Mister Pip av Lloyd Jones.

Boka er frå 2006, forfattaren er frå New Zeeland (sjå der, geografisk spreiing må vi ha) og handlinga er lagd til Bougaineville i Papua Ny-Guinea på 1990-talet, under borgarkrigen der. Ein lærar på ein landsbyskule på øya introduserer ungane for Dickens og Great Expectations, og når krigen etter kvart kjem til den aktuelle landsbyen endar det med at soldatane blir overtydde om at det verkeleg gøymer seg ein Mister Pip der.

Eg ser at boka har fått overveldande gode omtalar her på bokelskere. Dette, saman med ein antagelse om at der er tett med Dickens-referansar, gjer at eg har stor tru på at denne boka kan bli ein slager i lesesirkelen.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Den høres ut som om den kan trumfe tredjegangs lesing av Ishiguro.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtBertyHarald KSolDolly DuckKirsten LundTonesen81Pi_MesongretemorEivind  VaksvikLars MæhlumBur1LailaAvaLilleviArveTanteMamieLeseberta_23Akima MontgomeryTrude JensenTor-Arne JensenBerit RBjørg L.Hanne Kvernmo RyeJulie StensethRufsetufsaCarine OlsrødMarianneNInger-LiseNorahTine SundalVariosaSverreKristin71Tone SundlandWenche VargasMorten JensenMarit HåverstadChristoffer SmedaasCamilla