Ei ung og pen dame blir kidnappa og bortført i Paris. Politietterforskaren Camille Verhoeven blir motviljug satt til å etterforske saka. Det er ikkje stort å finne, men har du sett? Når alt synest mest håplaust så er der eit halmstrå av eit spor som set i gang ei kjede av avsløringar. Og det blir etter kvart klart at saka må oppgraderast frå ei forsvinningssak til ei drapsetterforsking. Seriemord-etterforsking, faktisk.

Det er ei heilt grei krim-historie dette. Den er brukbart spanande, men det beste er nok dei ulike vendingane som historia tek undervegs. Og spørsmålet om kven som er skurk og kven som er offer blir etter kvart av smått filosofisk karakter. Ein kjem ganske nær innpå Camille undervegs i boka, og til dels også på eit knippe av kollegaane hans. Eit interessant og til dels sjarmerande persongalleri, men kanskje eit lite hakk for karikerte.

Uansett, eg tykte boka var god og underhaldande nok til at eg kjem til å lese fleire av Lemaitre sine bøker dersom eg finn dei på sal eller på bruktbutikkar i åra som kjem. Kanskje først og fremst Irène, sidan det er ein del referansar til handlinga i den i Alex.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Jeg har akkurat lest begge to og har det samme inntrykket som deg. MEN hvis en skal lese begge bøkene MÅ en begynne med "Irene". Jeg hadde ikke like stort utbytte av å lese den som bok to, da jeg bare satt og ventet på det som skulle skje, det som det refereres til i "Alex".

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenIngeborg GKjersti