Ei god og variert novellesamling av Tarjei Vesaas. Novellene varierer ganske mykje i lengde, og i, kva skal eg seie, handgripeligheit? I enkelte virkar det som om hensikta berre er å formidle ei steming, medan det i andre er ei nokonlunde klar handling. Mange av novellene handlar også om born, og i enkelte av desse tek forfattaren barnet sitt perspektiv.

Enkelte av novellene gjorde nok meir inntrykk enn andre. Den ville riddaren, om ein forfattar med skrivesperre og sonen hans som blir alvorleg sjuk, er kanskje den som sit hardast i minnet no nokre månadar etter at eg las boka. Av andre noveller vil eg nemne Tusten. Kanskje ikkje fordi den var spesielt mykje betre enn snittet, men heller fordi Mattis i boka Fuglane også gjeng under utnamnet Tusten. Er det Tusten frå Vindane som Vesaas har jobba vidare med og som blei til Mattis i Fuglane 5 år seinare? Det skulle ikkje forundre meg.

Språket er for øvrig av høg klasse, det gjev mykje rom for undring hjå lesaren. Eg vil ikkje gå så langt som å påstå at Vesaas er ein favoritt, men eg skal definitivt lese fleire bøker av denne forfattaren. Kjem eg over nokon av bøkene hans på bruktbutikkar etc så blir dei nok med meg heim.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Christofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeKirsten LundHarald KVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SsomniferumBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesStig TBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokatta