Jack London skreiv to vidgjetne bøker der det er ein hund som er hovudpersonen; Når villdyret våkner (The Call of the Wild) frå 1903 og Ulvehunden (White Fang) frå 1906. Det er ein slags omvendt symmetri mellom desse bøkene, sterkt forenkla kan ein seie at i Når villdyret våkner er det ein tam hund som blir vill, medan i Ulvehunden er det ein vill hund som blir tam. Den første høyrde eg for tre år sidan, og no var det altså White Fang sin tur.

Boka åpnar med ei dramatisk ulvejakt, der ein ulveflokk jagar ein hundeslede med to mann og ei likkiste i fleire dagar. Ein av dei jaktande er ei ulvehybrid-tispe, som seinare blir mor til eit kull som er ¾ ulv og ¼ husky. Resten av boka dreier seg om ein av desse kvalpane, White Fang, om korleis han greier seg trass dårlege odds i diverse situasjonar, og korleis han etter kvart knyter sterke band til ein sympatisk ung mann.

Det er først og fremst i natur- og dyreskildringane at denne boka fenger. Det er tydeleg at London hadde førstehands kjennskap til klima, flora og fauna, og han formidla det på ein overtydande måte. Skildringa av ulvehunden sin veremåte er også tilforlateleg, i alle fall for ein som ikkje er ekspert. Forfattaren skal, i følge wikipedia, ha uttalt at han skreiv både denne og Når villdyret våkner som ein protest mot antropomorfisering av dyr, det gjekk ein heftig debatt omkring dette temaet i USA på starten av 1900-talet der til og med president Roosevelt engasjerte seg. Korvidt denne protesten var vellukka kan eg ikkje uttale meg om, men det blei i alle fall ei flott og underhaldande bok ut av det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenIngeborg GKjersti