Småvittig fabel om ein engel med talent for bjørnetenester. Den kronisk uheldige Sulo er under utdanning som skytsengel, og han vil gjerne yte litt ekstra for den «heldige» personen han har blitt satt til å passe på. Alt ligg med andre ord til rette for ein serie med katastrofer, og Paasilinna leverer varene.

Det mest forfriskande med historia er at den tek så mange uventa vendingar. Så må eg innrømme at eg ikkje får heilt, heilt taket på humoren og underfudigheitene til forfattaren. Kanskje trengs det meir øving, dette er berre den andre boka av han eg les. Eg har Herre min hatt ulest i bokhylla, så eg får uansett minst ein sjanse til til å øve meg. Og truleg mange fleire, i alle fall dersom eg finn Paasilinna-bøker på sal eller loppemarknad i åra som kjem.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckHarald KMarit MogstadPer Åge SerigstadIngunn SKirsten LundMads Leonard HolvikMarthe LandsemIris ElisaReadninggirl30Julie StensethalpakkaGunn DuaasEllen E. MartolPiippokattaAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeKjersti SGrete AastorpAmanda AChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit R