Alice og James får ein uvanleg bryllaupsgåve - ein invitasjon til The Pact, ein klubb/organisasjon stifta med hensikt om å ivareta ekteskapet og gjere det sterkast mogleg. Dette innebærer ein rekke reglar og pliktar for begge partar - mellom anna skal dei gje kvarandre gavar kvar måned og reise på tur saman minst ein gong i kvartalet. Dei blir med, spendte og håpefulle. Reglane er som dei er, konsekvensene for å bryte reglane er imidlertid ikkje heilt som dei forventa ...

Eg likte denne boka veldig godt, og vart fort fenga i handlinga. Karakterane er truverdige og likande, og eg syntes James sitt yrke som psykolog og samlivsterapeut verkeleg gjorde noko godt for boka. Eg likte også at det tidvis blei gitt ein del "fun facts" og statistikk om ekteskap. Firaren på terninga er ganske svak - bla fordi eg syntes boka blir for overforklarande og til tider gjentakende. "I shutter"- f.eks ... eg trur aldri eg har lese det så mange gonger i ein bok før...og det blei faktisk nesten litt plagsomt når eg først hang meg opp i det. Dette og fleire andre slike beskrivelser brukes i ovekant hyppig og mister dermed mykje av verknaden sin. Innimellom brukar forfattaren også litt vel mange ord og setningar på å forklare ting som egentlig er åpenlyst eller allereide forklart tidligare i teksten.

Dette er kort sagt ein lettlest og underholdende thriller med eit ganske originalt plott. Ikkje noko verdensklasse, men absolutt leseverdig og oppslukende

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Monika SvarstadTurid KjendlieKirsten LundBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethIngunn SOleMorten MüllerTanteMamieHanne Kvernmo RyeLilleviAvaTine SundalHilde AaDaffy EnglundTom-Erik FallaÅsmund ÅdnøyBeathe SolbergPiippokattaElisabeth SveeIreneleserAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNinaHarald KLinda NyrudStein KippersundBjørg Marit TinholtMonica CarlsenTheaEllen E. MartolBård StøreRolf IngemundsenFindusSolveigBertyHilde Merete GjessingBjørg RistvedtSolDolly Duck