Tja, si det.

Hallgeir Opedal skriver på side 240 i BOKPOD:

Sitat:
Eg skal innrømme at då namnet Kim Leine flagra over bordet på eit idémøte i Cappelen Damm, hadde eg inga aning om kven dei snakka om. Kim Leine?! Aldri høyrt om han. Eg sa ingenting, sjølvsagt, og noterte namnet. Då eg kom tilbake til kontoret og googla, skjønte eg straks at her, her hadde eg fylgt dårleg med.

Kim Leine er frå Seljord i Telemark. Far hans var opphavleg frå Danmark, og kom til bygda for å jobbe som frisør. Han gifta seg med ei bygdejente, og saman fekk dei Kim. Den vesle familien var aktive i Jehovas Vitner, og Kim gjekk på dørene for å frelse bygdefolket fra Harmageddon.

Foreldra blei skilde, og faren reiste tilbake til København. Far og son hadde lite kontakt dei neste åra, men då Kim var 17 år, rømde han heimafrå. Han haika til Oslo, og tok toget til København, der han flytta inn hos faren. Det som då skjedde, skulle prege Kim Leine heile livet.

Draumen var å bli forfattar, men vegen dit var lang. Han utdanna seg til sjukepleiar, gifte seg, fekk barn og flytta til Grønland. Der levde han eit utsvevande liv med damer, alkohol - og etter kvart sterke medisinar.

Han blei ein misbrukar.

Først då han var 46 år debuterte han med boka Kalak, der det meste er henta frå eige liv. I dei siste romanane har han spent opp dei verkeleg store lerreta, og skrive tjukke episke verk. Han er ein sanseleg forteller som penslar ut luktar og fargar, og det er som å vere til stades. I 2012 kom boka Profetene i Evighetsfjorden, som handlar om ein norskfødd misjonær som hamnar på Grønland. For den sopte han inn det som var av danske litterære prisar. Og så fekk han Nordisk råds litteraturpris.

Eg trefte han heime i ei moderne bustadblokk utanfor København, der han budde saman med si nye kone og to born. Sjølv om han har budd heile sitt vaksne liv i Danmark, har han ikkje gløymt Seljord-dialekta.
Tvert om, han har ei ekte, konservert dialekt frå 70-tale.

(s.241-s.262: Hallgeir Opedals intervju med Kim Leine)

"Mange forfattere er utrolig kyniske.
De er egentlig likeglad med lidelsen, så lenge
de kan bruke den til sitt formål."
(Kim Leine)

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Bente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasHanne Kvernmo RyeKatrinGVibekeStig TAvaCarine OlsrødKirsten LundReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaIngeborg Kristin LotheCecilie